Arbeidet med kommunereforma er no inne i sluttspurten i dei fleste kommunane. Kommunestyra skal gjere vedtak om kva retning kommunen skal gå før sommarferien, også i Nesset kommune. Innbyggarane er invitert til å gje råd ved folkeavsemming 25 april. Alternativa er Nesset-Sunndal , Nesset som eigen kommune, eller Nesset saman med ein størst mulig Romsdalskommune. Meiningane er mange og delte, og Nesset har utviltsomt komme lengst med avtalen med Sunndal. Stor-Romsdal spriker i alle retningar så langt.

Det er no over 50 år sidan det var ei storstilt kommunesammenslåing. Scheikomiteen gjorde grovarbeidet. Stortinget vedtok, folket vart lite høyrt. Nesset har i likhet med andre kommunar ei historie og ha med inn i forhandlingane. Etter at Nesset, Eresfjord og Vistdal kommunar vart ein ny kommune i 1964, vart Nesset ein kraftkommune. Men i motsetnad til dei fleste andre kraftkommunar har Nesset kun levert vatn til kraftutbyggingar i andre kommunar.

Aurautbyggingen har ei lang og bråkete historie. Det var først etter at Staten hadde kjøpt anlegget i 1946 for 5 millionar at det verkeleg vart fart på utbygginga. Den 1.oktober 1947 vedtok Stortinget full utbygging av Aura kraftstasjon. Den storstilte kraftutbygginga som var eit av landets største kraftverk, førte til at Aursjømagasinet vart demt opp, og innsjøane Gautsjøen, Grynningen og Aursjøen vart til den nye Aursjøen. Det naturlige utløpet  til Eikesdal gjennom elva  Aura vart stengt med ei steinfyllingsdemning, nesten ein km lang og 40 meter høg.

Turbinane i Aura kraftstasjon vart sett i drift i 1953. Men allerede i 1951hadde Stortinget vedtatt at Årdal og Sunndal verk (ÅSV) skulle bygge aluminumsfabrikk på Sunndalsøra. Før vedtaket vart fatta hadde Eidsvåg også blitt vurdert som eit godt alternativ. Ettersom åra gjekk og behovet for enda meir kraft melde seg, fatta Stortinget i 1958 vedtak om at elvane Leipåna, Breimega og Høvla, som alle har sitt naturlege løp til Eikesdal, skulle førast inn i Aursjømagasinet. Vatnet vart overført gjennom ein 14 km lang tunell, og utbygginga fekk navnet Takrenneprosjektet. Det tørrla yttererleg dalføret Eikesdal og Eresfjord, og den gode lakseelva Eira. No meinte både bygdafolket og dei styrande at nok var nok, det skulle ikkje overførast meir vatn frå dalføret. Men det skulle ikkje gå meir enn ca 10 år før ei ny stor utbygging stod på trappene, Mardølautbygginga. Det vart utreda to alternativ, enten utbygging i Eikesdal eller overføring til Grytten kraftstasjon i Rauma. Stortinget vedtok den  18 juni 1970 at Mardøla skulle overførast til Grytten kraftstasjon. Dermed vart vassføringa i dalføret redusert med ca 70 prosent. Men det var også eit ikkje ubetydelig mindretall som gjekk inn for utbygging i Eikesdal.

Stortingets vedtak førte til den første sivile ulydighetsaksjonen her i landet. Mardølaaksjonen oppe i Sandgrovbotn sommaren 1970 sette både Nesset og Rauma på kartet. Det var nokre spente dagar og veker, men aksjonen vart avblåst og anleggsarbeidet kunne fortsette. Grytten kraftstasjon vart sett i drift midt på syttitallet. På bakgrunn av den siste utbygginga vart Mardølafondet oppretta. Det vart bevilga 7 millionar til eit fond for næringsutvikling, fortrinnsvis i dei berørte bygder. Vedtektene seier også korleis styre i fondet skal sammensetjast.

I 1990 fekk kommunar som hadde både årlege konsesjonsavgifter og næringsfond beskjed frå departementet at  desse fonda skulle slåast saman til eitt fond. Det vart fra Tillitsmannsutvalget for grunneigarane påklaga. Svaret fra kommunaldepartmentet i 1991 var tindrande klart; Mardølafondet skal bestå som eit eige fond også for framtida. Vi i Nesset kommune som ikkje er fra dei berørte bygder har levd godt med fondets vedtekter i alle år.

Sunndal kommune har hatt store økonomiske fordelar av kraftutbygginga, Aura og Takrenna. Og ikkje minst at aluminiumsverket vart realisert på Sunndalsøra, mest på grunn av kraftstasjonen. Årlige inntekter fra eigedomsskatt og andre inntekter frå kraftutbygginga med vatn fra Nesset, har gjort Sunndal til ein rik kommune. Det er derfor eg med stor undring ser at framtredane politikarar i Sunndal  ikkje vil akseptere Nesset kommunestyre sitt vedtak om at Mardølafondets sine vedtekter skal bestå, også i ein ny kommune. Nesset skal ikkje ha særfordelar på grunn av kraftutbyggingar i den nye kommunen, har visst blitt vedtatt i Sunndal kommune...

Når det gjeld årlige konsjesjonsavgifter vil Nesset bidra med 8 millionar og Sunndal med 3 millionar, og dette er pengar som vil gå inn i eit nytt fond for næringsutvikling i heile den nye kommunen.

Ein godt gjennomarbeida intensjonsavtale mellom Nesset og Sunndal bør ikkje strande på dette. Eg trur nok det bli meir enn nok av andre store oppgaver i ein eventuell ny kommune. Sunndal bør  godta Nesset sine krav på dei særfonda vi har, og det bør skje raskt og i god tid før den rådgivende folkeavstemminga 25 april.

Håper alle vil bruke stemmeretten 25 april, og gje råd om vegen vidare.

Ola Tjelle