På vegne av Sunndal Frp. har Stig Rune Andreassen sendt ein interpellasjon om «Friområdet på Øksendalsøra» til Sunndal kommunestyre. Denne vil blir handsama i møte den 23. november.

Eg må seie at er overraska over at ein så røynd lokalpolitikar som Andreassen vel å ta opp att ei sak som alt er handsama i kommunestyret to gonger berre i løpet av dei siste 7 månadar. Kommunestyret har da, med 24 mot 3 og 23 mot 3 stemmer, slutta seg til plana slik ho no ligg føre. Dette samstundes med at ingen har kome med nye opplysningar i saka. Men mest overraska er eg over at Andreassen vel å grunngje dette med misvisande sitatbruk og faktafeil.

Misvisande sitatbruk

I interpellasjonen er det teke med sitat frå Fylkesmannen sin uttale datert 20.06.2013 og frå  Fylkeskommunen sin uttale datert 19.03.2013. Begge desse uttalane er gjeve til planer som ikkje lenger gjeld. Mellom anna som ein følgje desse uttalane, og etter fleire drøftingar med kommunen og fylket, er det gjennomført vesentlege endringar i planane. Det største bygget har fått redusert grunnflate frå 8,5 m x 20 m til 8 x 16, ein reduksjon på 42 m2. Forslaget til maks. størrelse på hovudbygget, som fylkesinstansane den gongen uttala seg til, var altså heile 32,8 % større enn dagens vedtekne planer. Høgda på austre bygg er redusert med nesten ein meter og offentleg friområde er vesentleg utvida. I tillegg kjem ei rekkje andre planendringar. Siste uttale frå fylkesinstansane er frå Møre og Romsdal fylkeskommune den 11.03.2016 der går det fram at:

«Vi er nøgde med den tilpassinga som er gjort av byggeområdet, som sikrar eit grøntområde på kaia og i strandsona»

«Vi er svært nøgd med at Sunndal kommune har lagt ei hensynssone over føremål hamneområdet, og med forslaget til føresegner som vi meiner er godt eigna til å sikre at strandsona og opplevinga av området frå sør vert varetatt.»

Og konklusjonen frå fylket er:

«Vi er nøgde med dei endringane som Sunndal kommune har gjort i planforslaget på Øksendalsøra, og slår fast at dette er i tråd med dei avklåringar som vart gjort i møte av 20.01.2016:»

Og den motsegna som fylket hadde mot planane er trekt. Det blir difor fullstendig misvisande å bruke gamle sitat til gamle planer og på den måten prøve å framstille det slik at fylkesinstansane er mot den no vedtekne reguleringsplana.

Faktafeil

Andreassen hevdar at «Planane som fleste øksendalingene er mot,..». Det er berre gjennomført ei avklaring av dette spørsmålet. Det var på eit ope møte i bygdalaget. Der deltok heile 96 personar og det vart gjennomført ei skriftleg avstemming. 51 stemmer vart gitt til eit forslag som støttar dagens planer og 39 stemte for at området skulle bli regulert til friområde. Altså eit klart fleirtall FOR planane slik dei no er vedtekne.

Andreassen skriv at «98 % av beboerne på Øksendalsøra har skrevet under». Her viser han til ein underskriftsaksjon på nett. Dette er feil. I den perioden underskriftsaksjonen har pågått har det vore om lag 39 (har variert litt) fastbuande på 16 år eller meir på øra. Ved ein gjennomgang av desse listene finn ein at 24 av desse har skrive under med namn. Sjølv om det ikkje er noko tvil om at det er eit fleirtall mot byggeplanane på øra, så er det stor forskjell på 98 % som Andreassen påstår og dei vel 60 % ein får ved konkret oppteljing.

Overskrifta på interpellasjonen er «Friområdet på Øksendalsøra». Fram til den nye plana er endeleg, så gjeld den gamle. Området er i denne plana regulert til «Utbyggingsformål nærings-/offentlege formål». Heilt frå første reguleringsplan for Øksendalsøra har dette vore avsett til eit område for utbyggingsformål. Området, som er i kommunalt eige, har i tidlegare planer aldri vore omtala eller regulert til friområde.

Denne måten å misbruke sitat og faktaopplysningar på er ikkje nytt i denne saka. På sosiale media og i avisinnlegg har dei same feila/påstandane vore gjentekne gong etter gong. Frå mi side, og fleire med meg, har det vore ei bevist handling å svare minst mogeleg på slikt. Ein meir aktiv bruk av sosiale media og avisinnlegg, frå vår side, ville berre ha vore med og fyre opp under debatten.

Dersom FRP. verkeleg meiner at dei ved å ta opp denne saka ein tredje gong i kommunestyret bidreg positivt til å dempe «Den negative utviklingen av samholdet i Øksendal…» tek dei feil.

Vi har eit demokratisk vald kommunestyre som to gonger har gjort vedtak med overveldande fleirtall. No er saka bringa vidare inn til Fylkesmannen. Dette sikrar ein nøytral gjennomgang av alle dei formelle sidene i heile planprosessen. Dersom Fylkesmannen finn at her har det skjedd noko som er i strid med lover og reglar, så må det naturlegvis rettast. Men eg føler meg trygg på at så ikkje skjer. Kommunestyret og Fylkesmannen er dei to instansane det Norske samfunn har for å avgjere slike saker. Kommunestyret tek det politiske og Fylkesmannen er klageinstans på det formelle. Det blir ikkje meir samhald i Øksendal dersom normale prosedyrar for vedtak ikkje skal gjelde på Øksendalsøra.

Kvifor er dette viktig?

Sjølv om innlegget no blir langt, så vil eg likevel nytte høve til å gjenta litt om kvifor eg meiner at dette er så viktig for Øksendalssamfunnet.

Den generelle samfunnsutviklinga fører til sentralisering. Øksendal er ein utkant i ein utkant. Slike samfunn får det ikkje lett framover. Eg meiner at Øksendal har kvalitetar som gjer at ein likevel vil kunne lukkast. Men skal ein det, så må bygda by på det beste ein har. Og eg er ikkje i tvil om at Øksendalsøra er det mest attraktive området for utvikling og busetnad i bygda. Øksendal Utvikling sine planer inneheldt 5 – 6 bueiningar. Sett i forhold til folketalet tilsvarar det 60 til 70 på Sunndalsøra. Så for eit lite samfunn som Øksendal er dette eit stort prosjekt. Vi meiner og at to godt tilpassa bygningar på ei så stor tomt vil gli naturleg inn i miljøet. Det har trass alt stått ein like stort bygg der før. Eg legg ved eit teikning som viser korleis våre planar er tilpassa bygningsmiljøet på øra.

Eg har vore oppteke av samfunnsutviklinga i Øksendal i snart 40 år. Og, ikkje sidan først på 80-talet, har eg registrert ein slik stor interesse frå ungdomen for å gjere Øksendal til sin framtidige bustad. Ved sal av bustadar, og gardsbruk, skjer det no heile tida at lokale ungdommar kjem i reine budkampar om dei svært få objekta som kjem til sal. Seinast skjedde dette ved sal av «prestebustaden» på Øksendalsøra. Etter svært stor interesse, frå aktuelle kjøparar, var denne solgt for litt over 3 millionar, noko som var ca. 30 % over takst.

Dersom vi, som ynskjer ei positiv framtid for Øksendal, ikkje gjer alt i vår makt for å hjelpe desse til å få ein stad å bu i bygda, så sviktar vi våre ungdommar og vi sviktar bygda.

Det store spørsmålet blir difor: Er det mogeleg å utvikle Øksendalsøra utan at det går utover dei verdiane alle vil ta vare på og utan vesentleg skade for skog- og landbruk. Mitt svar til dette er eit klart ja. Ein verdifull strandstad behøver ikkje vere liten for å vere verdifull. For eksempel har eg fått opplyst at strandstaden Sunndalsøra hadde heile 150 innbyggarar da Auratida starta. Og ingen vil vel hevde at Bryggen i Bergen ikkje er verdifull fordi den er ein del av eit større heile. Røros er og verdifull sjølv om det bur mykje folk rundt den verna bebyggelsen. Eg meiner difor at det er fullt mogeleg å bygge og utvikle Øksendalsøra utover det som er der i dag. Det er eit spørsmål om korleis ein gjer det.

Min konklusjon er difor grei. Etter tap av bank, post, butikk og skule, har Øksendal ikkje lenger råd til å la vere å spele ut dei sterkaste korta vi har.  Men å gjere det med innsikt, slik at ein både tek vare på og utviklar. Muligheitene er store og resultatet vil bli heilt avgjerande for Øksendal som samfunn. Eg er og sikker på at vi kan utvikle Øksendalsøra slik at alle, ein gong i framtida, vil vere stolte over resultatet.

Øksendal 19.11.16

Per Steinar Husby