Det har jamt over gått veldig bra med laga frå Driva-distriktet som deltek i Norway Cup i Oslo.

Eidsvåg sitt G13-lag, som spelar 7ar-fotball i verdas største fotballturnering, fekk ein pangstart på cupeventyret då dei i dag vann heile 5-0 i åpningskampen mot Årvoll 2. I morgon møter dei Ullern 2, som slo Nittedal 5-1 i sin første kamp.

Sterk start for Sunndal J19

Vann stort gjorde og Sunndal sitt ambisiøse J19-lag, som tradisjonelt har vore Driva-distriktet sitt aller sterkaste kort i Norway Cup. Dei starta med 4-1-seier over Nordre Land, etter at Maja Tveit Naalsund, gjestespiller fra CFK, scora lagets første mål før Ane Berset Bøklep scora det andre. Storscoraren Mari gjul scora også to mål. Solid av raudtrøyene, som dermed har teke kommandoen i gruppa. I morgon møter dei Vålerenga Elite, som i dag spelte 3-3 mot Hallingdal.

Sunndal G16 2 har og vore i aksjon i dag, men for gutane vart det dessverre 0-1-tap mot Falkeid. Sunndal 1 og Surnadal spelar sine første kampar i klasse B klokka 17.30, medan Rindal slo Gjerpen 3-0 i åpningskampen.

Begge J16-laga til Sunndal, eitt 11ar-lag og eitt 7ar-lag, er i aksjon i skrivande stund, mot henhaldsvis Tynset og Flaktveit.

Kalassiffer for dei eldste jentelaga

J16-laget til Surnadal er og ferdige med sin premiere, og i oppgjeret mot Froland sette kaptein Ine Fiske inn 1-0 til dei blå allereie etter 12 sekund. Før minuttet var spelt auka Kristine Mikkelsen til 2-0, og same Mikkelsen la like godt på til 3-0 snaue minuttet etter. Dermed var kampen i realiteten avgjort, og til slutt enda det heile 9-0 til surnadalingane. Dei seks siste måla vart scora av Andrea Naustbakk (3), Else Vaseng Kvammen, Ida Ranes og Ine Fiske igjen.

Lokal jubel vart det og då Surnadal/Søya/Todalen møtte Hommelvik. Marte Nes sette inn 1-0 etter flott forarbeid av Ane Mogstad, og sjølv om samarbeidslaget hadde overtaket i kampen, stod 1-0 seg til pause. Halvveis ut i den andre omgangen fann Thea Holten kaptein Mogstad, som sette inn 2-0.

Derifrå og ut var det berre eit spørsmål om kor stor seieren skulle bli. Emma Sæther drog av ein forsvarar og ette inn 3-0, før Ragnhild Snekvik dunka inn lagets fjerde for dagen. Eit par minutt før full tid scora Emma Sæther sitt andre mål, før Hommelvik fekk ei redusering på tampen. Hadde det vore resultattavle på Ekebergsletta ville det altså stått 5-1 på den då dommaren blas i fløyta for siste gong.

Seier for Tingvoll

Johanne Kvendset Andersen sørgja for 1-0 til Surnadal J14 (11ar-fotball) då dei starta Norway Cup med kamp mot Kongsvinger. Dessverre for laget frå Vårsøg-bygda kom Kongsvinger sterkt tilbake, og snudde til 2-1. Surnadal pressa på for utlikning, men i staden auka motstandaren til 3-1 heilt på tampen av kampen. Dermed vart det tap for gjengen som i fjor vann B-sluttspelet i klasse T.

Søya sitt J13 7ar-lag åpna turneringa med 2-2 mot Fossum IF Fighters søndag morgon, medan Tingvoll sitt lag i same klasse slo Falkeid 4-2.

Halsa/Valsøyfjord G13 tapte 0-10 mot eit svært godt akademilag frå sjølvaste AC Milan, medan 14-årslaget deira har kamp klokka 17.15.

Lokale kampar søndag:

19 ÅR:

Klasse A (Gutter 11er):

Sunndal-Las Panteras Argentinas (18.30)

Surnadal/Rindal-Rising Star (18.30)

Klasse Q (Jenter 11er):

Nordre Land-Sunndal 1-4

Klasse W (Jenter 7er):

Surnadal/Søya/Todalen-Hommelvik 5-1

15/16 ÅR:

Klasse B (Gutter 11er):

Falkeid-Sunndal 2 1-0

Gjerpen Allianse-Rindal 0-3

Surnadal-KFUM-Kam. Oslo 1 (17.30)

Abildsø-Sunndal 1 (17.30)

Klasse R (Jenter 11er):

Tynset-Sunndal (14.30)

Klasse U (Jenter 7er):

Surnadal-Froland 9-0

Sunndal-Flaktveit (14.15)

14 ÅR:

Klasse S (Jenter 11er):

Kongsvinger-Surnadal 3-1

Klasse F (Gutter 7er, 14 år):

Manglerud/Star-Halsa/Valsøyfjord (17.15)

Utleira-Surnadal/Søya/Todalen (17.15)

13 ÅR:

Klasse D (Gutter 9er, 13 år):

Årvoll 2-Eidsvåg 0-5

Surnadal/Søya/Todalen-Lom/Skjåk 4-2

Klasse T (Jenter 9er, 13 år):

Skeid-Surnadal 3-4

Klasse M (Gutter 7er, 13 år):

AC Milan-Halsa/Valsøyfjord 10-0

Klasse P (Jenter 7er, 13 år):

Søya-Fossum IF Fighters 2-2

Falkeid-Tingvoll 2-4