Mange lokale lag har vore i aksjon i sluttspelet i Norway Cup, så langt med blanda hell.

SUNNDAL

G19 har spelefri onsdag, og møter amerikanske A.F.C. Lightning i 1/16-finale i A-sluttspelet torsdag klokka 10.00.

J19 har spelefri onsdag, og møter Otta i kvartfinalen i B-sluttspelet torsdag klokka 12.30.

G16 1 er ute av årets Norway Cup etter at dei onsdag tapte 0-1 for Rindal etter ekstraomgangar, i det som var 1/64-finale i A-sluttspelet.

G16 2 tapte 1-2 mot Nesodden i 1/32-finalen i B-sluttspelet onsdag, og er dermed ferdigspelt i Oslo for denne gong.

J16 11 rauk ut av Norway Cup i 1/32-finalen i A-sluttspelet. Laget tapte ein jamn kamp 0-1 mot Gimse, og blei dermed det tredje sunndalslaget som rauk ut etter eittmålstap i sluttspelet.

I klassa for J16 7er tapte Sunndal 0-3 for Halsnøy, og dermed må Sunndal sette sin lit til de to 19-års-laga, som spelar torsdag.

SURNADAL

G19, som Surnadal og Rindal samarbeider om, har spelefri onsdag, og møter Melhus i 1/16-finale i A-sluttspelet torsdag formiddag.

J19, som er eit samarbeid mellom Surnadal og Søya/Todalen, har spelefri onsdag. Dei møter vinnaren av Ravn-Langevåg i kvartfinale i A-sluttspelet torsdag.

G16 slo Nardo 3-0 i første sluttspelkamp onsdag, etter scoringar av Vegard Gjul, Bjarne Østbø og Vegard Snekvik. Laget gjekk dermed vidare til 1/32-finale, men der vart det stopp mot Skeid i kampen som starta klokka 14.00. Laget frå Torshov vann 1-0, og surnadalingane er dermed ute av årets turnering.

J16 slo Træff 1-0 etter golden goal i 1/16-finalen onsdag klokka 08.00, etter at Oda Heggset sette ballen i mål etter snaue to minutt av første ekstraomgang. No ventar 1/8-finale mot Hødd onsdag klokka 17.30.

G14, som er eit samarbeidslag med Søya/Todalen, vann heile 10-1 over Bjørn IL i 1/16 i B-sluttspelet, og skal no møte Haugerud i 1/8-finalen klokka 18.30.

J14, som vann B-sluttspelet i J13-klassa i fjor, skal spele 1/16-finale i B-sluttspelet mot Hødd onsdag klokka 18.45.

G13, som er eit samarbeidslag med Søya/Todalen, vann 5-4 over Ready 2 i 1/32-finalen i A-sluttspelet, etter fem scoringar av Vegard Dønnem. 4-1-leiing ti minutt før full tid vart til 4-4, og dermed måtte det golden goal til for å kåre ein vinnar. Der tok det knapt eit halvt minutt før Dønnem altså sette inn sitt femte for dagen, og dermed skal Surnadal/Søya/Todalen møte Skjoldar i 1/16-finale klokka 20.00 onsdag kveld.

J13 spelar 1/16-finale i A-sluttspelet onsdag klokka 17.00. Motstandar er svenske Hammarby.

RINDAL

Rindal G16 slo Sunndal i 1/64-finalen i A-sluttspelet, før dei seinare onsdag tapte 1-2 mot Vestsiden-Askøy i 1/32-finalen. Dermed er laget ute av Norway Cup for i år.

TINGVOLL

Tingvoll J13 fekk oppleve skikkeleg drama då dei slo Bergsøy i 1/16-finalen i A-sluttspelet, berre for å få vite at motstandarane fekk medhald i ein protest, slik at straffesparkkonkurransen måtte takast på nytt. Tingvoll vann og den andre straffekonken, og gjekk dermed vidare til 1/8-finale. Der vart det bom stopp mot eit råsterkt Shanghai Meilong Middle School frå Kina, og etter 0-2 ved pause vart sluttresultatet til slutt 0-9. Tingvoll er dermed ute av turneringa.

HALSA/VALSØYFJORD

Halsa/Valsøyfjord G13 tapte onsdag 1-3 mot Bækkelaget i 1/16-finalen i B-sluttspelet, og er ferdigspelte for år.

Halsa/Valsøyfjord G14 vann 2-0 over Røa Turbo i 1/16-finalen i B-sluttspelet onsdag morgon, og møter Mosjøen i 1/8-finalen klokka 18.30.

SØYA

Søya J13 er ute av årets Norway Cup etter 0-3 mot Høybråten og Stovner i 1/8-finalen i A-sluttspelet.

EIDSVÅG

Eidsvåg G13 spelte 4-4 mot Huk i 1/32-finalen i A-sluttspelet, og vann straffesparkkonkurransen 4-1. Dermed er dei vidare til 1/16-finale, der dei møter Nordstrand Hvit onsdag klokka 19.00.