Surnadal kommune gjennomførte fire folkemøte i Mo, Stangvik, Bøfjorden og Todalen i tidsrommet 18.-26. mars 2015.

Til saman møtte rundt 170 personer til møta og eit fleirtal av desse har nullalternativet som førstepriorietet, altså inga kommunesamanslåing.

Storparten av desse ønskjer tilhørighet til Møre og Romsdal framfor (Sør-)Trøndelag.

Kommunen oppsummerer møta slik:

Det er 47 personar som har nullalternativet som førsteprioritet, og det er eit ganske stort fleirtal av desse som ønsker å høyre til Møre og Romsdal (30 personar).

41 personar har Surnadal-Rindal-Halsa som førsteprioritet, med 20 for Møre og Romsdal og 21 for (Sør-) Trøndelag.

Etter desse to mest populære alternativa kjem Surnadal-Rindal, der 29 personar har dette alternativet som førsteprioritet, med eit lite fleirtal for (Sør-) Trøndelag.

Les meir utfyllande om resultat frå spørreundersøkingane, innspel, spørsmål og opppsummeringar frå de ulike møta på kommunens heimeside.