I dag gjekk startsparket for årets store fotballbegivenheit, Småtrolluka i Rindal. Bornas entusiasme gjekk i vêret då dei fekk sette i gong å spele, og entusiasmen regna slett ikkje bort, sjølv om det vart vått i Rindal i dag.

Heile 260 born og unge mellom 6-16 år har meldt seg på til årets Småtrolluke.

-Ja, det er fleire enn i fjor, då var det 225 påmeldte. Vi ser også at fleire overnattar, så det er tydeleg ordet har spredd seg, fortel administrativ leiar under Småtrolluka, Rune Løfald.

Ei av dei som skal overnatte for fyrste gong er Oda Ingstad frå Storås.

-Eg har vore med på Småtrolluka ein gong før, men skal overnatte for fyrste gong i år, fortel ho. Oda sitt i lag med to venninner, Gry Hege Skjølset og Marte Mogset. Dei speler på same lag til vanleg. Gry Hege og Marte er med på Småtrolluka for fyrste gong.

-Det vi gler oss mest til er å verte kjend med nye vener, overnatte på skulen og å spele fotball, så klart! seier dei.

Småtrolluka vert arrangert for 31. gong i år, Eli Landsem har vore primus motor sia starten. Ho feirar sjølv rundt jubileum i år.

-Ja, dette vert 30. Småtrolluke for meg, eg måtte vil VM eitt år med landslaget på same tid som Småtrolluka, så da kunne eg ikkje vere med, fortel ho.

Supertrenarane Eli Landsem og Gunnar Halle har ansvaret for Småtrollukas nye, store satsing: Småtrolluka pluss. Satsinga er for dei mellom 14 og 16 år som vil satse seriøst på sporten. Det er fyrste gong Småtrolluka pluss vert arrangert.

- Det er 17 deltakarar, og vi har ei økt på formiddagen og ei på ettermiddagen, med mat og Mesternes mester i mellom. Eg er imponert over entusiasmen og egenskapane til spelarane, og det er utruleg artig å få trene dei i ein så fantastisk hall. Det er imponerande at ein så liten plass som Rindal har fått til ein så stor og fin hall, seier Gunnar Halle, som til vanleg trenar G-16 landslaget. Han trena pluss-gjengen i dag før at måtte att til laget sitt.

-Eg rekk desverre ikkje verte med på opninga av hallen i kveld, men skulle ynskja eg kunne, fortel han

Rindalshallen opnar offisielt i kveld, og det er mykje som skjer.

-Ja, det vert musikk og opningskamp og mykje anna. Programmet er litt hemmeleg, så det er berre å kome! seier Rune Løfald.

Halle og Landsem er ikke dei einaste legandane som tek turen under Småtrolluka. Nils Arne Eggen kjem, han skal ha to treningar med dei unge fotballspelarane. Stig Inge Bjørnebye skulle kome, men kunne ikkje på grunn av forhandlingar om en spelar.

-Men i staden for Bjørnebye kjem det ein annan stor legende, fortel Rune Løfald.