Dei er sikkert van med storslått natur i Somalia og Eritrea. No skal dei verte betre kjend med naturen i sitt nye heimland.

I Nesset bur det 21 personar som opprinneleg kjem frå Somalia og Eritrea.

Dei har allereie vore på ein tur sist helg. Då gjekk turen til Ranvika. Molde og Romsdal turistforening sto bak den turen.  No bærs det til fjells igjen. Denne gongen skal dei til Aursjøen og høgfjellet.

-Meininga med turen er at dei skal få eit innblikk i norsk høgfjellsnatur og kultur, og å få oppleve fiske og friluftsliv, seier Dag Ringstad i Nesset fjellstyre.

Deltakarane skal bu på Statkraft og Nesset fjellstyre sine hytter ved Aursjøen.