Jarl Skei har vore sentral i reiselivsnæringa i Surnadal i 35 år, fyrst som tilsett på hotellet, og dei siste 25 åra som innehavar av Surnadal camping. Han held koken sjølv om turistane vert færre.

– Eg har trua på det eg held på med, fortel han.

Jarl og Inger driv Surnadal camping på Brekkøya.

–Ja, i fjor feira vi 25-årsjubileum. Sist månad fekk eg faktisk utbetalt min fyrste pensjon av staten, men kjem ikkje til å slutte å jobbe av den grunn. Planen er at eg jobbar fullt i år, for så å trappe ned i løpet av dei neste fem åra, fortel Jarl.

Jarl og Inger har ikkje hatt sommarferie på 26 år.

–Nei, sommaren er jo høgsesong for oss. Sjølv om vêret er dårleg lengtar eg ikkje til Syden. Eg har faktisk aldri vore i Syden, og for å vere ærleg freistar det heller ikkje så mykje. Eg vel meg heller ein interessant storby eller hytta vår på Bolsøya, seier Jarl.

Campinggeneralen har mange interesser.

– Eg er historieinteressert, og på midten av 70-talet var eg med og restaurerte den gamle kyrkja på Veøy saman med riksantikvaren i to år. Kyrkja vart bygd under vikingtida, og husar utruleg mykje spanande historie, fortel Jarl. Historieinteressa sitt bokstaveleg talt i veggane på campinga.

– Plankane vi har nytta på veggane inne i nybygget på campinga kjem frå ei gammal løe som stod på området. Materialet er frå kring 1935, fortel Jarl.

Jarl er også ein hardtslåande musikar.

– Eg spelte trommar i lag med blant andre Henning Sommerro frå 60-talet og utover. Vi hadde eit band, fyrst heitte det The Tramps, så skifta vi namn til Mad Movies. Det siste bandnamnet kom frå ein serie på TV som viste artige klipp. Vi spelte til dans, og var sterkt inspirert av både The Beatles og Rolling Stones. Noko Hyldbakklåtar spelte vi også. Bandet vart seinare til Vårsøg, men då var eg ikkje så aktiv lenger, fortel Jarl. Han har ikkje spelt på eit par år no, men ser ikkje bort frå at trommestikkene snart ligg i henda igjen.

–Eg og nokre andre har snakka om å begynne å spele i lag igjen, men tida strekk ikkje til. Kanskje når eg får meir fritid, fortel han.

Musikkinteressa brenn sterkt hjå Jarl.

–Vi plar prøve å få med oss Jazzfestivalen, og eg har ein draum om å dra til Amerika. Det hadde vore fantastisk å oppleve New Orleans, fortel han.

Turistnæringa i Surnadal er ikkje det den ein gong var, men Jarl og Inger held koken. No for tida er det ikkje så mange vitjarar på campinga, men takka vere ein del yrkestrafikk går det bra lell.

–Det skulle eigentleg vore fullt på campinga no. For 10–15 år sia hadde butikkane i Surnadal større omsetting i juni enn i desember, slik er det ikkje lenger. Lakseturismen finst nesten ikkje lenger, den har vore i fritt fall dei siste 5–10 åra. Ein årsak til det er så klart det dårlege fisket, men også den dårlege omtalen av elva i media har bidrege. Ein annan årsak til færre turistar er at det har vore dårleg marknadsføing av området, seier Jarl. Han seier at reiselivsaktørane og næringslivet i Surnadal må begynne å trekke lasset saman om dei skal få til å snu trenda.

– Slik som det er no finst det ikkje nokon organisering av lokale krefter. Kommunen sender pengar til Kristiansund og Visit Nordmøre utan at vi får noko særleg tilbake. Eit anna aspekt er at E39 har vorte lagt om. Surnadal har vorte ein blindtarm, og det er vanskelegare å få turistane hit, seier Jarl.

Jarl kjem sakte men sikkert å trappe ned på arbeidsmengda dei neste åra, men han er aldri langt borte frå campinga.

–Vi trivst så godt i lag med vitjarane og eg og Inger har nyleg bygd oss eit nytt hus på området, så vi er aldri langt borte. Campinga er open året rundt, og det er klart det vert mykje jobb. Eg gler meg til å kunne vere meir på hytta i framtida, så får andre ta over ansvaret på Brekkøya, fortel Jarl.

Jarl og Inger har planane klare når dei får meir fritid.

– Vi drøymer om å køyre bubil nedover i Europa på vinterstid, fortel han.

Campinga har stamgjestar som kjem att år etter år. Mange av desse er fiskarar.

–Surnafiskarane er ein utdøyande rase, rekrutteringa er dårleg og fiskarane er ikkje like tro stamelva si som før. Dei veit godt at det berre er ein time til Orkla herfrå, og når det er dårleg fiske freistar det å dra ein annan plass, fortel Jarl.

Men når fisken bit kjem fiskarane rekande.

–Ja, nyhende spreier seg raskt no for tida, ofte får dei beskjed i Oslo at det har vorte teke fisk her før vi veit det. Då hiv dei seg i bilen, og ringer oss for å bestille overnattingsplass, fortel campinggeneralen.

Jarl sjølv er ein erfaren fiskar, men blomstra tidleg.

–Eg fekk min største laks for 50 år sidan, då eg var 12 år gammal. Laksen veide 12 kilo. Eg har prøvd å slå den rekorden i ei årrekke men ikkje lukkast. Eg fiskar gjerne no også, enten på fjorden i båt eller i elva med einhands flugestong. Eg fiskar nesten berre sjøaure no, og har faktisk ikkje teke eit kast i elva enno, eg ventar til sjøauren kjem, fortel Jarl.

Tross synkande besøkstal i distriktet ser Jarl lyst på framtida.

–Vi må vere stolte av det vi har kring oss, og vere positive. Eg har trua på at det kjem til å snu.