- Vi er godt nøgd, i år hadde vi meir besøk i juni enn same månad i fjor, seier Tollak J. Skogland, hotell-direktør på Sunndalsøra hotell.

Det har vore bra med besøk, også i Surnadal:

– Hotellsommaren har, hittil i år, vore heilt på den jamne, fortel resepsjonssjef ved Thon Vårsøg Hotell i Surnadal, Heidi Haltli.

No når sommarsesongen går inn i sine siste veker har det vorte klart at turistane hungrar etter mykje anna enn sol når dei vitjar distriktet vårt.

– Folk kjem ofte att år etter år, og særleg fjellturisme er populært. Surnadal er nære mykje, og det er mykje å finne på. Vi har ikkje ført oversikt over besøk i år, men har inntrykk av at det ikkje er noko særleg forskjell på besøkstala frå dei siste åra, seier Haltli.

Ladyen fast gjest

Ladyen er fast gjest på Sunndalsøra hotell.

– Før sommarsesongen i år innførte vi litt historisk sus på hotellet, og gjorde det om til ladyens hotell. Vi har møblar, bilete og til og med uniformer i tidleg 1900-tals stil, slik at folk får kjensla av korleis det kunne ha vore på Lady Arbuthnotts tid, seier resepsjonsansvarleg på Sunndalsøra hotell, Rita Olufsen. Ho fortel at hotellet har hatt godt belegg i heile juni og juli. Hotelldirektør Tollak J. Skogland fortel om ei auking i gjestedøgn.

–Ja, dei foreløpige tala visar at vi har ei auking på heile 260 gjestedøgn i juni samanlikna med same månad i fjor. I juli har vi hatt noko færre gjestar enn i fjor. til saman ligg vi på i overkant av 1500 gjestedøgn for juni og juli, fortel han.

Skogland har god tru på ei strålande framtid for Sunndal som turistmål.

–No er det minimalt med turisme i Sunndal, men no som Sunndal og Surnadal kommune har tilsett ein opplevingsskreddar har eg tru på at turistane kjem til å kome, eg trur vi har mange fleire vitjarar om fire år, fortel hotelldirektøren.

Frå utlandet

Mange utlendingar vitjar hotellet i Surnadal.

– Ja, det er nesten fleire utlendingar enn nordmenn som bur hos oss. Vi har sett eit skifte dei siste ti åra, før var det nesten berre tyskarar som kom for å fiske, no er det meir spreidd på fleire nasjonalitetar, særleg frå Øst-Europa, som kjem. Og dei vil gjerne nytte naturen. Nokon har også spesifikke mål, i sommar har vi hatt besøk av fleire som kjem hit for å vitje arboretet i Svinvika. Arboretet er nok ein større attraksjon enn folk her er klar over, fortel Haltli.

Det skortar ikkje på attraksjonar her i distriktet. Om ein vil på fjelltur er det nok å vel mellom, fisket har teke seg opp i elvene våre og vi har mykje spanande historie å fortelje.

– Her i Surnadal er særleg Kleiva ein populær plass. mange har høyrt Vårsøg, og dei tykker det er stas når vi fortel om Hans Hyldbakk og Henning Sommerro. Vi har også turistinformasjon i resepsjonen på hotellet, her kjem det i gjennomsnitt fem innom kvar dag, men med finvêret kjem det fleire folk, måndag var det ti innom, fortel Haltli.

Forandring frydar

Før årets sesong forandra hotellet i Surnadal menyen på restauranten deira, Musters. Det har slått an.

– Ja, det har vore ein stor suksess, både blant gjestar og lokale, fortel resepsjonssjef Haltli. men ikkje alle tilboda på hotellet har slått like godt an.

– Vi har sett saman ein strandpakke, der ein får med seg ein handduk, parasoll, strandstol og ei korg med mat. Strandpakka selde bra i fjor, men i år har vi ikkje selt ein einaste pakke. Eg vil så gjerne anbefale folk å dra til flotte kalkstranda, men i år har det faktisk ikkje vore vêr til strandliv, fortel Haltli.