Spennande vart det frå første minutt da unge skodespelarar i Bøfjorden verkeleg imponerte med sjørøvarførestillinga «Skatten i Bøkleppnausta» laurdag kveld.

Førestillinga, som dei har øva på i lang, lang tid, var ei lokal utgåve av «Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga». Sunniva (Hanna Aasbø) og Ruben (Jakob Heggem/Jo Lasse Bøe) finn eit skattekart, eit kart som må vera kartet til den skatten som Grusomme Gabriel grava ned ved Bøkleppnausta for 127 år sidan.

Men «verdas yngste sjørøvar»; Pinky (Eiri H. Blekken) får med seg dette, og ei natt får han lura til seg kartet. Grunnen til at Pinky vil ta kartet, er at han gjerne vil hjelpe Kaptein Sabeltann med å finne skatten, slik at han får bli med Sabeltann og mannskapet hans på sjørøvartokt.

Så dukkar Sabeltann og mannskapet opp i det kvelden går over i natt og haustmørkret senkar seg over Bøkleppnausta. Men Ruben og gjengen legg ei plan og klarar å lure piratane. Sabeltann finn slett ikkje gullskatten, alt han finn er ei kiste med gammalt fiskarutstyr.

Og enden på visa blir ein durabeleg kamp, der Sabeltann og mannskapet endar opp med å måtte gå planken. Sannsynlegvis ei kald oppleving, og heilt sikkert ganske så ubehageleg elles og, da desse farvatna er viden kjend for sine mange svoltne haiar...

Det heile enda altså godt for alle ved Bøkleppnausta, med unntak av piratane naturlegvis. Og særs populært vart det da dei delte gullskatten med publikum, ekte gullmyntar med sjokoladesmak!

Med unntak av Sabeltann, er alle skodespelarane i aldersgruppa 5–9 år, noko som gjer det heile enda meir imponerande. Her tok alle oppgåva si med glans, og det  var tydeleg at dei hadde øva godt!

Ein ting er i alle fall sikkert, ein treng ikkje reise heilt til Kristiansand for å sjå Kaptein Sabeltann, han finst og i Bøfjorden. Det tør påstås at Lars Settemsdal frå Bøfjorden Teaterlag er vel så god som originalen, Terje Formoe.

Dei 2–300 som hadde teke vegen for å sjå førestillinga fekk i alle fall valuta for pengane! Ein særs imponerande, artig og spanande sjørøvarkveld, med profesjonell lyssetting, lyd, kulissar og aktørar. For ikkje å gløyme instruktørane og initiativtakarane; Nora V. Bøe og Bodil Aasbø, som fekk seg ein velfortent blomster og applaus etter framsyninga.

Sjå biletserie frå førestillinga her

Sjå video av at Kaptein Sabeltann og sjørøvarane må gå planken: Måtte hoppe i sjøen

Her er lista over dei som var med på førestillinga:

Forteljar: Bernt G. Bøe

Kaptein Sabeltann: Lars Settemsdal

Sunniva: Hanna Aasbø

Ruben: Jakob Heggem og Jo Lasse Bøe

Pinky: Eiri H. Blekken

Tante Bassa: Elisabeth Settemsdal

Vesla: Lisa S. Johnsen

Sjørøvarar: Arthur Bøe, Vegard Aasbø, Håkon Bøklep og Birk Blekken

+ Barn frå Bøfjorden barnehage