I veke 27 vart det sett ein trist årsrekord i antall laks fiska i Surna. Rekordtalet var på 58 laks, av desse vart 32 sett ut att. Sist veke, veke 28, vart det teke 45 laks, 24 vart sett ut att. Samanliknar ein desse tala med fjordåret kan ein sjå ein nedgang.

Dei dårlege fangsttala har ført til ei strengare lovgiving, den personlege kvota er no redusert til 1 laks over 70 cm og 3 laks under 70 cm.

Totalt var laksane fiska i veke 28 på 125,6 kilo. I fjor vart det fiska 266,5 kilo laks i same veke.