Til hausten held ho fram med utdanninga ved Operahögskolan i Stockholm, men vil heilt sikkert synge på heimebane kvar gong høvet byr seg.

Sigrid Vetleseter Bøe er nett ferdig med fire års utdanning som klassisk songar ved NTNU i Trondheim og gjekk ut med toppkarakterar.

Ho gjorde stor suksess med å framføre sin bachelorkonsert for sine eigne sambygdingar under Vårsøghelga. Det skjedde i Surnadalsøra bedehus.

Korleis har tilbakemeldingane vore etter konserten?

– Veit du, det har vore så artig. Eg er så glad for måten både eg sjølv og konserten vart motteken på, særleg med tanke på at det var ikkje akkurat det lettast tilgjengelege stoffet eg framførte heller.

Toppkarakterar på eksamen i Trondheim lovar vel godt for framtida? Kva er planane framover?

– Jau, til hausten starter eg på treårig løp ved Operahögskolan i Stockholm – den utdanninga eg hadde aller mest lyst på, og eg er sjølvsagt svært glad for å ha kome inn der. No hadde ikkje sjølve karakterane frå eksamen i Trondheim så mykje med saka å gjere sidan eg gjorde unna opptaksprøvane allereie i mars. Eg måtte ha med ti arier for prøvesynging så juryen kunne velje mellom desse kva dei ønskte å høyre frå meg. Noko av dette tok eg med meg vidare til bachelorkonserten i Trondheim sidan dei sat så godt i ryggmargen. Og det gjekk jo bra.

Vi har forstått at det å ha Trygve Brøske som akkompagnementslærar har betydd mykje for deg?

– Å ja. Med Trygve ved pianoet må du vere på alerten heile vegen. Eg har av og til prøvd å synge heilt streit og så «rett» som muleg slik det står skrive i notane. Då er Trygve truande til å slenge lokket på klaveret og proklamere at dette vart så kjedeleg at det orkar han ikkje å høyre på. Han er dønn ærleg, og gjev konstruktive tilbakemeldingar på alt han ikkje er nøgd med. Det har heilt klart hjelpt meg til å kome dit eg har kome så langt.

Korleis vil du merke skilnaden frå Trondheim til Stockholm?

– I Stockholm får eg om lag fire gonger så mykje undervisning som eg gjorde i Trondheim, så det blir utruleg mykje jobbing. Eg tykkjer eg jobba hardt i Trondheim òg, men der gjekk det meir på sjølvstudium og ikkje så mykje på rein songundervisning. Fleire nye verk skal øvast inn kvar veke. Elles har skulen tett samarbeid både med Stockholmsoperaen og andre operahus i byen, så får vi sjå kva det kan føre til. Eg reknar nok med at det er dei litt meir vidarekomne som blir bruka i småroller ved operaen, men visst eg jobbar hardt, så kanskje ...

Det gjeld vel meir å vere dyktig enn å ha gått så og så lenge i utdanning?

– Jau, det gjeld nok å vere på topp heile vegen – så kanskje ein blir lagt merke til av dei rette folka. Det sat jo folk frå operahusa i byen i juryen då eg song til opptaksprøvane, og dei lytta nok til songarar dei sjølv kan vere interesserte i. Det blir i alle fall spennande.

Korleis har sommaren din vore etter Vårsøghelga elles?

– Etter Vårsøghelga bar det jo rett på solistprøvar til Lady Arbuthnott på Sunndalsøra, så det har vore fullt køyr heile juni. Det er mykje jobb, men når ein held på med noko som er så artig, saman med ein slik gjeng med aktørar, gjer det ingenting om det blir litt lange dagar. Elles har eg fått ei veke heime i sommar, og det håper eg å få til i åra framover òg. Men om det går så lang tid som to veker utan å trene song, då kjenner ein at ein blir litt rusten. Eg får nokre oppdrag med å synge i bryllaup då. I helga dreg eg til Nord-Norge der eg skal vere forlovar i bryllaupet til ei god veninne. Då blir det nok litt synging òg. Ho er sjølv songar, og kjem frå ein familie med operasongarar, så det trur eg kan blir utruleg artig.

Kva trur du at du ville halde på med om du ikkje skulle satse på songen?

– Neei ... eit liv utan songen er vanskeleg å sjå for seg. Eg har fått spørsmålet frå nokre av lærarane – kan du noko anna? I så fall – sats på noko anna! Men draumen er heilt klart å kunne leve av å halde på med utøvande musikkteater. Då må nok målet vere å bli tilsett ved eit operahus. Skal ein oppnå det, må ein berre stå på og heile tida prøve å bli betre. Men om eg ikkje skulle få fast jobb, vil eg nok aldri klare å slutte med songen.