–No er vi skikkeleg langt ut på landet, eg får berre 4G nokre stader, seier ein av dei rundt 50 deltakarane sjokkert. Det kryr av byfolk i Øksendal for tida. – Folk kjem frå heile landet, men mest frå byane. Nokre lokale deltek også, fortel Eir Husby. Ho står med ein fot på kvar stad, – eg kjem frå Øksendal og har hus her, men også ei leilegheit i Oslo, fortel ho. Leiren starta sist søndag og avsluttast no på søndag.

Konseptet vaksenleir kjem, som mykje anna rart, frå USA. – I USA finst det rundt 800 leirskular for vaksne. Eg las om det på nettet, og tykte det høyrdest ut som ein strålande idé. Eg la ut ein link på det sosiale nettforumet Underskog. Mange fatta interesse, og det vart snart klart at vi måtte prøve å få til ein leirskule, fortel Eir.

Plassen var openbar og programmet vart underbart. Leirplassen Phillipshaugen i Øksendal ligg og fløe mellom flotte fjell og vidstrakte landskap. den perfekte plassen for byfolk som vil på landet. Leiren fekk namnet Underleir, eller Øksendal godlynte voksenleirskole.

Utan mat drikke duger helten ikkje. Det gjeld også for leirdeltakarane. – Tanken er at om ein har skikkeleg god mat kan ein kome unna med litt lav bustandard, fortel Eir. Leiren har heile to huskokkar, ein proff kokk frå Frankrike og ein musikkjournalist frå Oslo.

– Eg har ansvar for dei som ikkje kan ete kva som helst på grunn av allergi eller etisk standpunkt. Det vert sett stor pris på. Her om dagen var det ei med ein alvorleg allergi som var heilt over seg av lykke for at ho fekk ete mat samstundes med alle andre, og god mat, attpåtil! fortel musikkjournalist i Gaffa og matentusiast Katrine Angelica Østlyng. Katrine har bland anna jobba som kokk i Innerdalen, og er godt kjent med området. Ho er også med på eitt av dei mange kursa som vert arrangert under veka. – Ein dag var eg i skogen og felte store trær, for så å gå ned til kjøkenet og lage rawfood, fortel ho.

–Fjella her er fantastisk flotte, seier fotograf Christian Rølla. Han held kurs i landskapsfotografi på Underleir. Fleire lokale heltar trør også til som instruktørar, blant desse laftar Rolf Trygve Lervik frå Jordalsgrenda. – Eir spurte om eg ville halde kurs i lafting, og det sa eg så klart ja til. Vi kjem til å lage sitjeplassar for bålplassen, og gjer alt frå start til slutt, frå hogst til ferdige lafta benker. Alt arbeidet gjer vi med gode, gammaldagse reiskap, det er slik ein best lærar handverket, fortel han.

I tillegg til lafting og foto kan deltakarane ta kurs i vedhogst, setinovnsbaking, yoga, mindfullness, perling, fjellklatring, kart og kompass, lakse- og fjordfiske, motorsag, sjakk, sylting, tørrmuring og veving, for å nemne noko.

Øksendal sett nok varige spor i deltakarane, og dei sett varige spor i Øksendal. – Vi har blant anna bygd ein flott bålplass på tørrmurarkurset, og snart kjem sitjeplassane laga på laftekurset dit, det vert utruleg flott, seier Eir.