Møre og Romsdal fylkeskommune løyver Sunndal kommune eit tilskot på inntil 500 000 kroner frå dei regionale utviklingsmidlane, til forprosjekt for etablering av soningssenter i Sunndal. Tilskotet er avgrensa til 50 prosent av totalkostnad, og er gitt på vilkår av fullfinansiering.

Det skriv fylkesådmannen i si tilråing til regional- og næringsutvalet.

Bakgrunnen er at Sunndal kommune har sidan 2013 arbeidd med å få etablert eit soningssenter. I løpet av ei forstudie er ideen drøfta med mange aktørar lokalt, regionalt og nasjonalt, både politisk og i forvaltninga. Konklusjonen så langt er at tiltaket er verdt å jobbe vidare med, og at Sunndal kommune bør posisjonere seg som staden å etablere eit nytt soningssenter for kvinner.

- Det er det behov for, og Sunndal kommune har spisskompetanse og erfaring som gjer lokalsamfunnet godt i stand til å drifte ei slik etablering, skriv fylkesrådmannen.

Sunndal kommune har løyvd til saman 500 000 kroner til forprosjekt i åra 2017-2018, og søkjer no fylkeskommunen om tilsvarande beløp. Forprosjektet skal jobbe fram eit meir konkret kunnskapsgrunnlag og konsept. I tillegg skal ein halde fram lobbyarbeidet med mål om at etablering av soningssenter i Sunndal blir ein del av nasjonale planer for utvikling av kriminalomsorga. Det skal tilsetjast ein prosjektleiar i 50 prosent stilling i to år.

- Dette arbeidet spring ut av omstillingsprosjektet «Sunndal 2013» som fylkeskommunen finansierte og var ein del av i perioden 2009-2013, skriv fylkesrådmannen.

Eit viktig poeng, seier fylkesrådmannen, i det prosjektet, i tillegg til å skape nye arbeidsplassar, var å gje Sunndal-samfunnet fleire bein å stå på.

- Sunndal har vore, og er framleis, eit stolt men også sårbart industrisamfunn. Men Sunndal er ikkje berre Hydro. Sunndal er også ei kommune med spisskompetanse på å ta seg av menneske med ulik bagasje i livet, skriv fylkesrådmannen.

Han visar til innvandrarartenesta som han meiner er ein stor og dyktig organisasjon, og Sunndal har gjennom år med mottak, integrering og busetjing av flyktningar eit apparat som er rigga for å ta i mot folk med ulike traumer. Dette meiner fylket er kompetanse og kapasitet som bør vere Sunndal sitt viktigaste fortrinn når nye soningssenter skal etablerast.

- Det er behov for nye fengselsplassar for kvinner, særleg av utanlandsk opphav. Fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal, og særleg til Nordmøre, er eitt tydeleg mål i fylkesplanen. Difor bør fylkeskommunen bidra til at dette forprosjektet blir gjennomført, skriv fylkesrådmannen.