Det har jamt over vore ein solid start på verdas største fotballturnering for dei lokale deltakarlaga. Fleire lag er klare for A-sluttspel når sluttspela startar onsdag.

SUNNDAL

G19 er vidare til 1/16-finale i A-sluttspelet som gruppevinnarar etter 7-0 over Las Panteras Argentinas, 1-0 over Hønefoss og 2-0 over Langhus. Motstandar blir anten Flaktveit eller A.F.C. Lightning frå USA.

J19 vann 4-1 over Nordre Land i første kamp før dei tapte 0-4 for Vålerenga måndag. Dei går til A-sluttspel dersom dei slår Hallingdal tysdag kveld (19.45). Hallingdal er laget som slo ut sunndalingane på straffekonkurranse i fjor, så her kan det vere duka for revansje.

G16 1 må slå brasilianske Alunorte Rain Forest tysdag kl 16.30 for å gå til A-sluttspelet.

G16 2 slo til med ein flott 3-1-seier over argentinske Las Panteras Argentinas i siste gruppespelkamp, etter at dei tapte 0-1 mot Falkeid og 0-7 mot gruppevinnar HIF/Stein/HFK.

J16 11er klarar seg med uavgjort mot Vigrestad i siste kamp tysdag kveld. Med eitt eller tre poeng der blir dei nummer to etter gruppevinnar Tynset, og går i så fall til 1/32-finale i A-sluttspelet.

I klassa for J16 7er er Sunndal vidare til A-sluttspel frå det som var ei svært jamn gruppe. Sunndal slo Flaktveit 1-0 i åpningskampen, før det vart 1-1 mot Varpe og 0-0 mot Søndre Land. Dersom dei vinn gruppa møter dei Sykkylven, blir dei nummer to møter dei Halsnøy. Uansett er dei klare for 1/16-finale.

SURNADAL

G19, som Surnadal og Rindal samarbeider om, er vidare til A-sluttspel og 1/16-finale etter to seirar og eitt tap i gruppespelet. Rising Star vart slått 2-0 og Hegra 3-0, medan det vart 1-6-tap mot gruppevinnar Fjellhamar. Laget har spelefri onsdag, og møter Melhus til dyst torsdag formiddag.

J19, som er eit samarbeid mellom Surnadal og Søya/Todalen, vann alle sine tre kampar i gruppespelet; 5-1 over Hommelvik, 2-1 over Oppegård og heile 11-0 over MSIL. Dermed får laget walkover i 1/8-finalen, og er klare for kvartfinale på torsdag. Der blir motstandar vinnaren av oppgjeret mellom Langesund og vinnar av gruppe 6, som etter alt å dømme blir Ravn.

G16 er i ei gruppe med fem lag, og det er dermed ikkje klart om dei går til A- eller B-sluttspel. Laget tapte knepent 2-3 mot gruppeleiar KFUM Oslo i første kamp, før det vart 8-1 over Seljord og 1-0 over Sandviken i dei to neste kampane. Med uavgjort eller seier mot Ål/Geilo tysdag kveld går laget til A-sluttspel, truleg som gruppetoar.

J16 er klare for A-sluttspel etter to seirar av to mulege. 9-0 over Froland vart fulgt opp med 2-0 over Sokndal, og tysdag ettermiddag ventar gruppefinale mot Lesja/Lesjaskog. Med uavgjort eller seier der er J16 gruppevinnarar, men uansett om dei blir nummer ein eller to ventar 1/16 finale onsdag morgon.

G14, som er eit samarbeidslag med Søya/Todalen, går til A-sluttspel med seier over Sokndal tysdag kveld. Laget åpna med 1-6 mot eit godt Utleira, før det vart 1-1 mot Håkvik måndag. Laget kan og gå til A-sluttspel med uavgjort mot Sokndal, avhengig av storseier til Utleira mot Håkvik.

J14, som vann B-sluttspelet i J13-klassa i fjor, skal spele B-sluttspel i år og. I ei tøff gruppe møtte dei mellom anna fjorårsvinnarane i A-sluttspelet i J13, Gjelleråsen, og surnadalingane starta med 1-3 for Kongsvinger og 0-3 mot nemnde Gjelleråsen. I siste kamp vart det 7-1 over Lyn 2, og no ventar 1/16-finale mot Hødd onsdag kveld.

G13, som er eit samarbeidslag med Søya/Todalen, er klare for A-sluttspel etter at dei vann 4-2 over både Lom/Skjåk og Abildsø. Uavhengig av resultatet i gruppefinalen mot KFUM Oslo 1 er gutane klare for 1/32-finale mot anten Ready 2 eller Skeid 1.

J13 er klare for A-sluttspel som gruppetoar etter 4-3 over Skeid, 6-0 over Skjold og 1-1 mot finske Vasa. Motstandar i 1/16-finalen onsdag vert svenske Hammarby.

RINDAL

Rindal G16 går til A-sluttspel med seier eller uavgjort i siste kamp, der dei møter Bærums Verk Hauger 2. Laget klarar seg faktisk og med tap, så lenge det ikkje er med meir enn to mål. For å vinne gruppa må dei vinne med minst fem.

TINGVOLL

Tingvoll J13 er i A-sluttspelet som gruppetoar etter 4-2 over Falkeid Hvit, 1-3-tap mot Abildsø og 8-0-seier over Moster. No ventar Bergsøy i 1/16-finalen onsdag morgon, og blir det seier der ventar kinesiske Shanghai Meilong Middle School i 1/8-finalen seinare same dag.

HALSA/VALSØYFJORD

Halsa/Valsøyfjord G13 er klare for B-sluttspel etter 0-10 mot den italienske storklubben AC Milan, 3-6 mot Nannestad og 0-2 mot Nordre Fjell. Motstandar i 1/16-finalen der blir anten Osterøy eller Bækkelaget.

Halsa/Valsøyfjord G14 går til A-sluttspel med seier over gruppeleiar Vear i siste kamp, og kan og klare seg med uavgjort, dersom resultatet i Langevåg-Manglerud Star går deira vei.

SØYA

Søya J13 er klare for A-sluttspel som gruppetoar etter 2-2 mot Fossum Fighters, 3-0 over Kviteseid og 4-0 over Heia. Motstandar i 1/8-finalen onsdag klokka 15.15 er Høybråten og Stovner.

EIDSVÅG

Eidsvåg G13 kan gå til A-sluttspel med seier over Nittedal i sin siste kamp i gruppespelet. Uavgjort kan og vere nok, men her avheng alt av resultatet mellom gruppeleiar Ullern 2 og Årvoll 2. Motstandar i 1/32-finalen, dersom Eidsvåg går vidare til A-sluttspelet, er Huk.