Vegen forbi det rasutsatte området i Kufalla på vegen mot Kårvatn er i full gang. Arbeida starta på i slutten av november og arbeidet vil pågå utover vinteren, men det åpnes for trafikk i slutten av januar.

- Omkjøringsvegen blir fortsatt open, men vi kan slippe forbi søppelbil og krøtterbil om det skulle vere nødvendig, seier driftsleder Gunnar Berg i Surnadal kommune.

Vegen opp gjennom Falla er rasutsatt på to plassar. Der utbetringa no skjer og litt lengre ned. Problemet lengre ned er veldig fin sand som gjer området veldig rasutsatt. Berg trur det kan gå fleire ras der, men seier det krev fleire millionar kroner å få utbetra den delen.

Det øvste området som no utberast er enklare å få sikra. På innsida ev vegen er det mykje fjell. Dette er sprengt ut og vegen flyttast lengre inn og kjem på trygg grunn.

- Vegen rasa på utsida av autovernet, der dei i gamle dagar hadde slått inn trekilar for å få murt opp vegen, seier Berg.

Vegen rasa i årsskiftet i fjor. Da vart det bygd ein omkjøringsveg om Tjønnmyra skistadion som buker delar av skitraseen og 200 meter nybygd veg. Den er bratt, men brøytast og strøast så peronbilar kjører fint forbi. Søppelbilen har reservert seg, men kommunen har henta søppel ut ein gong og Hamos hentar med mindre bil og hengar ein gong no på nyåret, før hovedvegen opnast for trafikk i slutten av månaden.

- Folket i Todalen er tålmodige og glade for arbeidet som no gjerast, seier Berg.

Arbeidet vil koste kommunen 637.000 kroner. Entreprenøren tar ut tilleggsmassar. Det er frakta rundt 2000 kubikk frå vegtraseen, og av dette rundt 1500 kubikk til Nordvik boligfelt. Der det knusast til fyllmasse. Truleg er det omtrent like mykje att, som må takast på nyåret. Noko av dette skal Talgø ha.

- Det er bra det er same entreprenør begge stader som kan nyttiggjera seg massane, seier Berg