Dagleg leiar i Laget Vårsøg, Gerd Ingrid Kvendset, presenterte tysdag programmet for Vårsøghelga 2018, som også i år er frå fredag til søndag siste helga i mai.

– Det har vore ein kald vinter, så målet er at programmet skal varme opp nordmøringane. Difor er det litt artig at vi kan sleppe programmet akkurat i dag når det er vårjamdøgn, seier ho.

For med unntak av nokre detaljar er heile programmet klart, og det er som vanleg eit variert og innhaldsrikt program ho kan legge fram.

Opninga på fredagen blir ved årets Vårsøgkunstnar, Anne Karin Furunes.

– Furunes har ei internasjonal karriere, og er for tida tilsett som professor ved NTNU. Ho er ein stor kapasitet innan norsk kunst, og vi er heldige som fekk ho hit, seier Kvendset.

"Henningtimen" er eit anna innslag denne fredagen, der Henning Sommerro fortel om det å leve draumen sin; eit årleg gratisarrangement til elevar ved 8. trinn.

– Og så skal vi sjølvsagt ha Drivadebatt i år og, der "nettvett" blir tema. Innleiarane her er ikkje klare enda, men dette kjem vi tilbake til, fortel Kvendset. For øvrig same dag som landets justis-, beredskaps- og innvandringsminister, Sylvi Listhaug, akkurat har trekt seg frå stillinga – tilsynelatande som ein naudsynt konsekvens av mangel på nettopp nettvett.

Lokalt stjernedryss i Billaget

Fredag kveld er det klart for ein særs innhaldsrik konsert med lokalt stjernedryss i Billaget på Surnadalsøra. Billagskonserten er eit innslag som har vore jamt godt besøkt, og denne gongen skal 20-årsjubileet til kulturskolen i 2018 markerast med tidlegare musikkskule-elevar og kulturskule-elevar.

Hit kjem låtskrivarane Jo Sverre Sande, Hans Olav Settem og Øyvind Weiseth, samt performancekunstnar Sigrid Fivelstad og skodespelar/songar Silje Botten. Bandet som er med består av Brage Kristian Einum, Olav Tørset, Jøran Norman og Sondre Skogseth. Alle godt etablerte innanfor musikkmiljøet.

– Det er artig å få vise at det grør opp musikarar frå alle dei tre kommunane til kulturskulen, meiner rektor Torbjørn Larsen, som legg til at kulturskulen og skal ha egne arrangement utover året for å feire jubileet.

Som om ikkje dette er nok, i andre del av konserten får vi eit gjenhøyr med "Famntak", med Anders Larsen, Trygve Brøske, Jostein Ansnes og Tone Søyseth Døving.

– Dette blir ein slags reunion, da dette er første konserten som Famntak held på mange år, seier Kvendset, som naturlegvis gler seg stort.

Ida Jenshus til Kleiva

Laurdag blir det som vanleg torg, der lokalt handverk og kortreist mat blir å få kjøpt, og det blir og reopning av Kallastua, med foredrag og fokus på den indiske filosofen Baral, som budde i Alvdal.

– Her blir det elles indisk mat, med underhaldning, song og musikk, og litt forskjellig, opplyser Kvendset.

Denne gongen står Ida Jenshus på scena under Kleivakvelden. Saman med Perikom, Henning Sommerro og John Pål Inderberg, Øystein Baadsvik og Hornmusikken, skal ho sørgje for at publikum er varme både i kinn og i sinn når dei går ned att.

– Og sidan 2018 er Musikkorpsenes år, så har vi hyra Øystein Baadsvik til å ha seminar med Surnadal Hornmusikk. Endeleg kan vi gi noko tilbake til hornmusikken, som har vore trufast til å stille opp på kvar Kleivakveld

for å spele på Kleiva, seier Kvendset.

Det blir dessutan diktmønstring, der vi får eit gjensyn med Ove Røsbak. Tildeling av Kleivaprisen blir og eit naturleg høgdepunkt her, men kven som blir årets prisvinnar står att å sjå.

Pianobar og musikkquiz

Laurdagen blir avrunda med ein kombinasjon av pianobar og musikkquiz på Gammelsamvirkelaget på Skei utover kvelden, der Brage Einum trakterer tangentane.

– Her blir det livesynging og litt forskjellig, så dette trur eg blir veldig artig, seier Kvendset.

Søndag er det konsert med Iver Kleive og Knut Reiersrud i Stangvik kyrkje, samt at Engegårdkvartetten vartar opp med litt klassisk i Svinvik Arboret.

– Barneprogram er og planlagt, men det kjem vi attende til. Elles tykkjer eg vi har fått til eit program med mykje forskjellig innhald som vi håpar kan falle i smak hos mange. Spesielt artig tykkjer eg det er det at vi kan vere med å markere kulturskulens jubileum Vårsøghelga, seier Kvendset.

Vårsøgleiaren legg elles til at dei har problem med heimesida si, og ber folk difor om å følgje med på Facebook, der billettsalet til den 24. Vårsøghelga vil bli annonsert.