Nikolai Finset fortel til Driva fredags morgen at han og jaktlaget fann fem daude lam under jakta torsdags kveld.

- Vi gjekk manngard og då dukka det fleire daude lam opp. Dei må ha vore drepne i går eller natt til i går.

Miste 16 dyr

Til saman har Nikolai Finset dermed mista 15 lam og ein sau til ulven. Attåt er tre lam skada.

- Dei tre  overlevde angrep frå ulven.

Nesten alle som vart teken av ulven vart det på dyrka mark attme huset på garden i Eikesdal.

Det var seint onsdagskveld at Finset oppdaga dei første elleve dyra som var drepne eller skadde av det som vart dokumentert ulveskade av Statens Naturoppsyn. Det vart gjeve fellingsløyve frå DN på ulven, og Nesset kommune fekk organisert eit jaktlag frå indre delar av Nesset.

Jakta til kvelden

- Vi var ti personar frå Eikesdal, Eresfjord og Vistdal som jakta på ulven i går ettermiddag og kveld til klokka var ti.

- Såg dokker spor etter ulven?

- Nei, vi såg ikkje ulven og ikkkje noko spor, anna enn at vi fann fem daude dyr. Vi hadde vel ikkje venta heller at vi skulle sjå eller ta ulven.

Jakta vart stoppa i går kveld klokka ti, og det er ikkje planar om å halde fram med jakta i dag.

- Vi held ikkje fram jakta med mindre det skjer noko meir med husdyra.

Stille i natt

Natt til fredag har han sett etter sauene fleire gong, men det har vore stille.

- Det har ikkje skjedd noko i natt.

Han fortel at saueflokken har roa seg, men at dyra vil bort til folk.

Finset har planar om å sleppe flokken på fjellet etter kvart.

- Det er ikkje tryggare attme huset, det er berre det at ein får sjå dei heile tida.