Klokka har passert ni fredag morgon, og det er hektisk aktivitet på Coopen i Vistdal. Butikkmedarbeider Gry Bertheussen førebur varemottak og har det travelt med å få varene ut i butikkhyllene. Gry er mellom dei som kan snakke og få unna arbeidet på same tid. Ho har nyleg teke over som leiar for bygdelaget, og på klingande nordlandsdialekt fortel ho om sterk dugnadsånd og førebuingane til sekkjepåsefesten som bygda går saman om å arrangere seinare i sommar. Ein tradisjon som mange set stor pris på. I tillegg til bygdefolket, kjem det hundrevis av tilreisande til bygda for å ete seg mett på bygdas «nasjonalrett».

Går i pluss

Gry er frå Dyrøy i Troms, og har budd i Vistdal sidan 2011. Ho har jobba på samvirkelaget dei tre siste åra, og trivst godt med det. Litt seinare ut på formiddagen er også butikkstyrar Cornlia Seefeld Nerliggjerdet – i daglegtale Conny – på plass i butikken. Conny er frå Tyskland og har etablert seg i Vistdal. Ho fortel at folk har vorte flinkare til å bruke butikken, og gler seg stort over at dei for første gong på mange år driv i pluss igjen.

– Butikken er viktig for bygda. I tillegg til hushaldningane har vi har posten, bufellesskapet og skulen som handlar her. Der gjer også dei som bur på campingplassen gjennom sesongen. Bygda er avhengig avbutikken. Dei nye drivstoffpumpene har nok bidrege til den auka omsetnaden. No har vi pumper med kortautomat der folk kan fylle drivstoff heile døgnet.

Coop Orkla tek over

Finn André Fredvig-Erichsen er leiar i styret for Coop Vistdal. Han peikar og på det gledelege at butikken igjen går i pluss etter mange minusår.

– Styret og dei tilsette har saman tatt tak. Eg må få skryte av dei tilsette på butikken som gjer ein svært god jobb. Etter ein lang prosess er det no bestemt at Coop Orkla skal overta drifta av butikken i løpet av sommaren. Bygda skal framleis eige eigedomen. Det har ikkje vore enkelt å drive butikk som sjølståande handelslag. Nå får vi inn profesjonelle drivarar. Dette trur vi blir bra og nødvendig for å sikre at bygda har ein butikk også framover, fortel Fredvig-Erichsen.

Butikkbygninga har også nyleg fått nytt tak.

Stort transportfirma

Styreleiaren for Coopen er engasjert i bygda også på mange andre måtar. Han har vore mangeårig leiar i bygdelaget, og er også dagleg leiar og styreleiar for Fafe Trans AS, eit transportfirma som er lokalisert i Årødalen i Molde. Transportfirmaet har vokse seg kjempestort, og rår i dag over 60 sjåførar fordelt på 43 bilar med ulike transportoppdrag. Mange bilar køyrer matvarer frå grossistlager ut til butikkane. Firmaet er og størst i landet på transport av levande fisk. Dette må det nyttast spesialbilar til.

Fredvig-Erichsen har overtatt verkstaden som Harald Myklebostad bygde opp i Vistdal. Det er no renovert. Sist fredag hadde Fafe Trans firmafest i den nyoppussa hallen.

– Det største aberet med å bli så stor som det vi har vorte, er at det går med meir tid til administrasjon også for meg som dagleg leiar. Eg likar meg aller best i bilen, og køyrer sjøl så snart det er muleg.