Det er Steinar Hasselø på kulturhuset som har sendt Driva ei oppsummering over besøk og aktivitar i Surnadal kulturhus den siste månaden. Oversikta syner at huset er viktig for folk i kommunen kvar einaste dag. Ikkje berre som konsertarena, men og som venterom for folk som skal reise med buss.

Her er oppsummeringa til Hasselø:

Det har vore spesielt mykje som har foregått på kulturhuset i dei siste fire vekene. Men det er berre halve sanninga; det er «alltid» mange innom Surnadal kulturhus.

Surnadal folkebibliotek hadde eit stipulert besøk på 1630 i løpet av den siste månaden (siste 30 dagar). Talet er kome fram ved å telje alle som var der i ei normalveke og gange opp dette. Naboen, kulturskulen, har stipulert eit vekesbesøk på 285 personar, og da er både elevar, tilsette og foreldre som ventar tatt med. Reknar ein også inn andre som har sin arbeidsplass på huset (medrekna hotellet), utgjer alt dette 3160 dagsbesøk på heile månaden.

Det har vore svært mange kulturarrangement den siste tida, og det er selt totalt 3621 billettar. I talet er det også rekna med ei skuleforestilling på teater og ei på kino. Av totalen utgjer kinobesøket 1264 billettar. Kinovinteren har ikkje vore særleg god, utan dei riktig store publikumssuksessane. Så her er det meir å gå på. Men med russerevy, konsertar og «Give Me 5», er besøket i Storstua langt over det normale for ein vintermånad. Og da må ein også hugse at dette ikkje berre fører til stor aktivitet på forestillingane, men også i forkant. Øvingane i kulturhuset passerte totalt 1500 dagsbesøk den siste månaden, om ein vel å rekne det slik. Men mange har sjølvsagt øvd mange dagar, så talet på personar som har brukt huset er langt lågare.

Kulturhuset fungerer også som venterom for dei som skal ta buss, og, ikkje minst, stiller med offentleg toalett for dei som passerer på ferda si. Det er stipulert eit snitt på 85 personar kvar dag som brukar huset til slikt. Tida desse nyttar seg av tilbodet er sjølvsagt kort, og kan ikkje direkte samanliknast med t.d. russen som nærast levde på huset i sin øvingsperiode.

Kulturhuset er også ein uformell møtestad der kanskje spesielt ungdommar og delvis innvandrarar møter kvarandre på ettermiddag og kveldstid, utan å delta på andre aktivitetar på huset. Om vi summerer dei som bruker huset til «venterom» eller til «varmestue», nærmar ein seg truleg 4000 slike besøk i månaden.

Biblioteket låner ut eit møterom til lag på kveldstid, og det blir lånt ut i snitt eit par gonger i veka. Hotellet arrangerer møte og konferansar, og det er knapt 500 som har deltatt på slike møte dei siste fire vekene.

Totalt er det stipulert eit besøk på 12684 i den siste månaden på kulturhuset. Da må ein ha i mente at bruken av Storstua har vore svært langt over det vanlege, mens nokre andre tilbod kanskje har vore litt mindre nytta enn til vanleg.

Statistikken baserer seg på besøk på kulturhuset i perioden 18. februar-19. mars. Faste aktivitetar/tilbod hadde eit stipulert besøk på 3160, arrangement/kino 3736, øvingar og møteverksemd lag 1560, andre møte/konferansar 478 og venterom/møteplass 3750.