Laurdag 17. og søndag 18.juni er det klart for den 14. utgaven av Ålvundfjorddagene. Helga blir som vanleg arrangert av Kvass/Ulvungen FK. Som før blir det også år ei helg med variert program for alle aldersgrupper, og arrangørane håpar på mykje folk og fint vér.

Programmet startar opp på laurdag formiddag med fotballturnering. Seinare blir det både triathlon, leiker, natursti, salg av grillmat og kiosk. Om kvelden er det duka for utandørs plattdans med bandet TOK frå Tingvoll. Det blir buss til Sunndalsøra når dansen er ferdig.

På søndag er det fotballturnering for dei minste, i tillegg til andeløp og premieutdeling derifrå. Det blir også sett opp indianartelt med moglegheit for bueskyting, og det blir ordna med leikar og natursti. Grillmaten og kiosken er framleis med, og dette er ein skikkeleg familiedag!

TOK er eit rockeband frå Tingvoll. Dei består av Frode Kindsbækken på vokal, John Ola Ulset og Stian Vågen på gitar, Petter Rønningen på bass og Emil Fjeldset på trommer. Dei speler eigen musikk, men gjer også ein del cover. Dei har mellom anna gjort eigne versjonar av låtar frå band som AC/DC, DumDum Boys og Metallica.

I år blir det triathlon for både born og vaksne. Det er opent for både kvinner og menn. Vinnaren frå i fjor i vaksenklassen, Erik Jordahl,stiller igjen på startstreken. Det gjer også ein lokale deltakarar med god plassering, Hallvard Magne Megerøy. I fjor var det berre mannlege deltakarar, men i år er det også kvinner som har meldt seg på. Fleire frå Norodd i Kristiansund. - Elles kjem det folk frå Sunnmøre og Austlandet. Men vi ønsker oss fleire deltakarar, både tilreisande og lokale. Gavepremie frå Kårvatn fjellutstyr blir trekt blant dei som deltek, opplyser Arne Drøpping.

Petter Vådahl peikar på at dansefesten laurdag kveld trekkjr folk langt utanfor bygda.

– Vi har har hatt mellom 500 og 800 besøkande kvart år. Søndagen er kanskje dne største publikumsdagen. Da er det matsal, aktivitetar og ikkje minst trekking av andeløpet.

– Det brukar å vere mange som kjem for å følge anda si mot målet.