Kristian Krubel Djupnes imponerte dei frammøtte med å snakke alt frå østlandsdialekt, gudbrandsdaling, til trønder og surndalsdialekt.

Djupnes, kjent frå "Farmen" på TV 2, var ikkje åleine om å fange oppmerksomheita blant dei mange frammøtte i Svorkasalen torsdag kveld.

Surnadals eigen Sigurd Brørs er ivrig musikar. Han framførte smakebitar frå "Pappapop" der songane omhandlar det å få oppleve å få ei lita jente og det å vere pappa og familiemann. Sigurd og familien bur i Trondheim. Han håper å kunne gje ut ein cd med 11 songar i løpet av neste år.

Trygve Roaldset i Surnadal Heimbygdlag og Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank overraska Brørs med å overrekke han ein sjekk pålydande 20.000 kroner.

– Vi støttar lokal kultur. Stå på vidare, var oppmodinga frå gjevarane.

– Det kostar å gje ut cd. Er det fleire som har mykje pengar er det berre å melde seg, spøkte musikaren som takk for gåva.

Einar Oterholm gav i vår ut bok om historia til Husmorskulen i Halsa. Han viste bilde og utdrag frå boka ispedd både skjemt og alvor.

Det var strenge husreglar som måtte følgast for elevane.

– Det var eit høgt fagleg nivå på undervisninga. Alle kom seg gjennom med gode karakterar.

Mange av dei frammøtte sette pris på å få møte Kristian Krubel Djupnes, kjent frå "Farmen". Djupnes hadde tidlegare på dagen vore på landbrukskonferansen. Han har jobba som avløysar i Gjøvik dei siste seks åra, men har nytta mange feriar til å besøke Surnadal der mor hans kjem frå.

– Landbrukskonferansen var interessant. Eg er interessert i kva folk vel å gjere med gardane sine. Har alltid vore interessert i gardsdrift. Eg lærte å mjølke da eg var seks år. Lærdommen fekk eg i feriane frå onkelen min på Røv her i Surnadal.

Djupnes seier torsdagen var ein dag midt i interessefeltet hans.

- Det har vore artig å få besøke Surnadal igjen.

– Har livet vorte mykje forandra etter "Farmen"?

– Nei, eigentleg ikkje. Eg var tilbake i jobben dagen etter at innspelinga av Farmen-episodane var avslutta. Eg brukar all arbeidstida på ein gard no.

På programmet til kultursjået elles sto dans frå Afghanistan, kaffipause og loddsal. Fotograf Nathan Lediard viste kva ein kan gjere med eit kamera. Aller helst med film i.

– Digitalt, nei det blir ikkje det same, sa vinnaren av årets Måldiplom i regi av heimbygdlaget. Sjå eiga sak.

Trygve Roaldset har vore leiar i Surnadal heimbygdlag i mange år. Han er veldig fornøgd med torsdagens arrangement.

– Eg må få nytte høvet til å skryte av styret vi no har i heimbygdlaget. Dei er suverene, alle saman. Da eg tok over for rundt ti år sidan sleit vi med å finne folk som ville ta på seg verv. No har vi lykkast til gagns. Det gode styret gjer at det blir meir å høyre frå heimbygdlaget framover.

Surnadal Heimbygdlag har i dag 30 medlemmar. Trygve Roaldset ser svært gjerne at dei blir fleire.

– Vi er opptekne av mållagsarbeid og lokal kulturhistorie. Det hadde vore svært om vi fekk med fleire yngre engasjerte medlemmar, seier Roaldset.