Revygeneral Bjørn Ølander og dei nærare 30 aktørane på scena har starta sluttspurten før revypremiera på Bergtun, laurdag 3. februar. Tittelen «Gift, men ikkje fanatisk», har dobbelt botn. Det er til tider tøffe meiningsutvekslingar på Facebook om deponiplanane på Raudsand. I tillegg handlar det om å vere gift, om enn ikkje heilt fanatisk.

Bjørn Ølander og Erlend Stubø i ungdomslaget seier det har vore stor pågang frå ivrige amatørskodespelarar som gjerne vil vere med på scena.

– I år har vi med seks skodespelarar som er under 18 år, tre av desse er debutantar på revyscena i regi av ungdomslaget, men dei har vore med på skulerevyar. Det gror godt. I tillegg er ein del gamle travarar med. Til saman utgjer dette ei god blanding med rundt 30 aktørar.

Ein revy er ofte ein spegling av samfunnet og tida ein lever i.

– Eit skråblikk på hendingar som har skjedd og om ting det blir snakka om. Vi både håper og trur at alle vil få ein hyggeleg kveld på Bergtun der vi framfører våre «hyss». Her blir det innslag både for gammal og ung.

– Er det nokon som bør førebu seg på seg på å bli omtala i revyen?

– Det er det nok, men vi er snille. Ingen treng å kvi seg. Vi kjem ikkje til å henge ut enkeltpersonar.

Eidsvåg Ungdomslag har sidan 2012 framført revy og skodespel annakvart år.

– Forskjellen med revy kontra skodespel er at det er lettare å sleppe til fleire aktørar på ein revy. På eit skodespel er talet på aktørar gitt ut ifrå kva stykke ein vel. Ein annan forskjell, er at på eit skodespel så kjøper vi eit manus. Til ein revy må vi lage manuset sjøl. Svært mange av dei som er med på årets revy har vore med på å skrive innslag, seier Bjørn Ølander. Han er instruktør og kunstnarisk ansvarleg for revyen.

– Kva kan de røpe av innhaldet?

– Vi skal vere forsiktig med å røpe for mykje, men som alt nemnt er vi innom deponidebatten, nett-troll og litt sport og anna kultur. Revy er humor. Dette blir artig, understrekar Ølander og Stubø.

Dei er begge glade for at revyorkesteret med André Gussiås i spissen er med også i år. Det betyr mykje for opplevinga.

Eidsvåg Ungdomslag har premiere på Bergtun laurdag 3. februar – med forestillingar etterfølgande helg, fredag 9. februar og laurdag 10. februar.