«triOpera» er namnet på det nye firmaet dei tre venninnene Sigrid Vetleseter Bøe, Hedda Hansen Berg og Maria Nohr har starta saman.

Innanfor den vignetten kan dei ta på oppdrag med å arrangere konsertar og å gje kulturelle innslag i andre samanhengar, berre dei tre eller ved å hente inn fleire songarar og musikarar alt etter kva som skal framførast.

– Vi har hatt eit godt samarbeid dei siste åtte åra, men då med utgangspunkt i kvart vårt einskildføretak, fortel Sigrid Vetleseter Bøe.

Blant anna har dei stått bak den årlege julekonserten i Stangvik kyrkje.

No ser ho fram til komande oppdrag under paraplyen til det nye firmaet.

– Vi har samla opp eit berg av repertoar gjennom åra og har program for det aller meste. Slik sett kan vi òg ta på oppdrag på kort varsel.

Første oppdrag for triOpera blir to framsyningar fredag 23.- og laurdag 24. februar i restaurant Horisonten ved Thon Vårsøg Hotell.

Opplegget vart første gong prøvd i fjor med stor suksess, og det dreier seg om mat og opera i skjønn foreining.

Det blir ein italienskinspirert buffé med varme rettar, salatar og dessertbord – og altså med fleire sett med opera undervegs i måltidet.

I tillegg til medlemmane i triOpera, har dei fått med seg Lars Eggen som mannleg alibi.

– Vi ser vel for oss eit repertoar med Puccini og Rossini, saman med litt Bizet og kanskje litt Verdi – pluss litt anna, seier Sigrid, og tykkjer ikkje ho kan røpe heile programmet.

– Det blir ei god blanding av operasvisker og også litt som publikum ikkje er klar over at dei kjem til å like.

– Korleis reagerer publikum på nyare musikk som ikkje er like lett tilgjengeleg?

– Eg blir litt overraska over at folk kjem bort til meg etter opptreden og fortel at det er den litt tyngre tilgjengelege musikken som har gripe dei mest. Men det er hyggeleg å oppleve at folk set pris på litt av kvart.

Det er altså andre året på rad at Sigrid med vener held slik framsyning på hotellet saman med servering av god mat.

– Blir det ein tradisjon dette no då?

– Gjerne for oss i alle fall. Vi håper at så lenge hotellet sel ut alle dei 120 plassane, vil dette vere eit arrangement dei vil ønske ta opp att frå år til år.

I desse dagar har ho mulegheit til å kome heim til Bøfjorden på besøk i samband med fleire opptredenar på Nordmøre.

Fredag 2. februar møter vi henne saman med TrondheimSolistene i nyttårskonsert i Hovshall i Sunndal kulturhus.

Her blir det òg ei blanding av eldre og nyare klassisk musikk av både norsk og utanlandsk opphav.

– Kan vi vente oss litt Grieg då kanskje?

– Det er vel ikkje så dårleg tips det, vedgår ho, men vil helst ikkje røpe så mykje av repertoaret her heller.

Billettane er i sal, og Sigrid håper sunndalingane finn vegen til Hovshall neste fredag.

For tida jobbar ho òg med oppsetjinga av operaen Carmen i Festiviteten i Kristiansund – der ho spelar rolla som Micaela.

Sigrid er ferdig utdanna ved Operahögskolan i Stockholm til sommaren, og framsyninga i Kristiansund er del av eksamen ved skulen.

– Dette er første gongen eg spelar i regi av Operaen i Kristiansund – i det som må vere det koselegaste operahuset eg nokon gong har sunge i, seier ho.

Seinare skal ho synge Mimi i La Boheme av Puccini i Wermlandsoperaen i Karlstad, også som del av eksamen.

– Det vart litt avbrot i utdanninga?

– Ja, vi vart foreldre undervegs, så no er eg altså formelt i gang med sisteåret, og er ferdig utdanna til sommaren.

– Men ikkje ferdig utlært?

– Nei, det blir ein aldri i dette faget.

– Kva ser du for deg framover? Meir utdanning?

– Nei, ikkje meir skule på ei stund i alle fall. Eg vil halde fram med å utvikle meg sjølv som songar, og så har eg mange gode mentorar å spørje når eg kjenner at eg treng rettleiing.

Korleis oppstod interessa for klassisk song i utgangspunktet?

– Det kan eg nok takke pappa for, og for gleda over å synge i kor. Korsongen trur eg òg har gjeve meg evna til å synge litt «tynnare» i samsong med andre songarar, noko som også vil bidra til å spare stemma slik at eg held litt lengre. Eg hadde heilt sikkert ikkje vore songar i dag utan å ha begynna i kor.

– Og då syng du blant anna saman med storesøster Nora?

– Ja, ho er jo det største talentet av oss, men ho tok til vitet og fekk seg ordentleg jobb. Når det er sagt, er det stor stas å få synge på heimebane.