Fullklaff i Eresfjord

Eira UL teater leverte ei imponerande revyforestilling fredag kveld.

BONDEROMANTIKK: Bonden fikk prøve seg på alt fra å vaske jur til å klippe sauer. 

Kultur

Eira UL Teater har etter kvart lang erfaring med å framføre både skodespel og revyar. Det må vere litt av ei utfordring å gjere forsøk på å toppe tidlegare revyar dei har framført. Vi tør påstå at årets revy overgjekk det meste av det vi tidlegare har sett frå scena på samfunnshuset i Eresfjord.

Inni Huttiheita» er namnet på revyen som inneheldt 18 sketsjar og songar. Ei gjennomført god forestilling. Revyen trefte nemleg på det ein god lokalrevy skal treffe på: Å ta både hendingar som har skjedd og som ikkje minst kunne ha skjedd, på kornet. Når Olav Kåre Torjuul og Rune Nesset parodierer lokale verspåmenn, ordførarar og tidlegare rådmann - ja da er det berre å gje seg over. I sketsjen «Spå vêret» diskuterer Jan Bjarne Øverås og Rune Nesset  ver og verteikn som henholdsvis «Ivar Hol frå vegvesenet i Frenå», og Nesset eigen verspåmann, Arild Karijord. Latteren runga i salen.

Ny forestilling laurdag kveld.

Sjå reportasjen frå revyforstillinga i måndagens papirutgåve