«Den mørke porten» opnar med eit drap. Sia skal det vise seg at ugjerninga heng saman med ein serie tidlegare dødsfall, blant dei mordet på psykologen Karsten Scheel, kollega og hemmeleg elskar av Ina Grieg. Psykologen Ina har også tidlegare hjelpt politiet i etterforskingsarbeid. Denne gongen får ho eit høgst personleg motiv.

Helten, om no det er rette ordet, er altså psykolog. Og mykje av drivet i denne romanen ligg på det indre planet. Her handlar det om mental makt over andre, om å misbruke denne makta, og om forholdet mellom fysisk og psykisk maktbruk. Psykologen Ina er også spesialist i kampsport. Og ho har slett ikkje pinleg orden i sine eigne kjensler, tankar og draumar. Den som meiner at psykologar flest har ein skruve laus, vil finne ein meiningsfelle i Ina Grieg.

Eg les mykje krim, og blir naturleg nok meir og meir kresen med åra. Viss eg ikkje likar starten på ei bok, gir eg gjerne opp etter 30 - 40 sider. Denne boka fangar meg straks. Så ja, det blir gitt ut for mykje norsk krim. Men nei, «Den mørke porten» hører absolutt ikkje med til dei unødvendige, uferdige utgivingane.

Lars Mæhle skriv (som alltid) lett og handlingsmetta samtidig. Det er framdrift i både språket og handlinga. Og tilbakedrift: det siste drapet og den påfølgjande oppklaringa skjer i løpet av sju dagar i desember 2010, men med stadige svippturar tilbake i tid. No for tida komponerer dei fleste krimmen sin slik. Lars Mæhle gjer det betre enn dei fleste.

Handlinga i «Den mørke porten» utspelar seg stort sett i Oslo og på Austlandet, men det skal vise seg at den mystiske mordaren har vore på ferde i tidlegare tider og i andre område. Gradvis blir det avdekt at han følgjer eit bestemt mønster i jakta på eit tilsynelatande tilfeldig utval menn som fortener å døy.

Den som leitar etter lokale poeng når ein sunndaling krimdebuterer, må finlesa forfattarens takkeord bak i boka. Han har fått psykologhjelp frå tjukkaste slekta, ved Magne Mæhle, og takkar dessutan «min første og beste lesar», faren Magnus på Sunndalsøra.

«Den mørke porten» vart kjøpt av det tyske forlaget Ullstein allereie før den norske utgåva var ferdig trykt. Det er ei fjørpenn i hatten for Lars Mæhle, som dermed hamnar på same tyske lag som Jo Nesbø, Lisa Marklund og John le Carré.

Boka er gitt ut på Samlaget, som lovar at dette berre er starten på ein serie. Eg ser fram til neste møte med Ina Grieg, psykologen som ikkje ville ha familie eller faste plikter, men som plutseleg sitt der med mann og tvillingar. I ein krim med mange gode personportrett, får lesaren veta mest og likevel minst om hovudpersonen. Kva finn ho på neste gong?

Svein Sæter