Eit hundretal tilhøyrarar i alle aldrar fekk ei spesiell konsertoppleving i ein spesiell konsertsal. Lokala til den gamle brannstasjonen på Surnadalsøra fungerte godt til konserten med bandet som har surnadalingen Hans Olav Settem som frontfigur. I tillegg gjorde bandmedlemane Anders Søvik Hjelden og Max Peder Brekke sitt til å gje publikum ei høgrøsta, men flott oppleving.

- Vi har slitt litt med å tilpasse lyden, men eg trur vi har fått det bra til, sa Hans Olav til Driva i forkant av konserten.

Det hadde dei. Det fungerte både med lyd og effektar da dei entra scena ein god halvtime på overtid i påvente av at publikum skulle komme på plass.

- Vi er så stormannsgalne at vi kallar musikken vår for kvalpop. Dette er elektronisk musikk med akustiske intrument der vi av hjelp frå ein synter får det uttrykket vi vil ha.

Det var skikkeleg trøkk både i lyd, effektar og sceneopptreden. Kveldens rolegaste låt var framføringa av Henning Sommerros Vårsøg tilsett gruppas eigenart. Tøft.

Styrleiar i Vårsøghelga, Jostein Ansnes, var mellom dei som sette stor pris på opplevinga.

- Skikkeleg kult, nesten som London dette, smilte surnadalingen som storkoste seg i Billaget utover kvelden.

Etter konserten var det nattspel  vart det diskotek med Hans Frønes bak spakane.