Etter ein artikkel i Romsdals budstikke med legar ved Molde sjukehus er det skapt eit inntrykk av at det ikkje vil vere nokon form for kreftbehandling ved det det nye sjukehuset på Hjelset (SNR).

«Nysjukehuset blir utan kreftbehandling». Slik er det iallfall blitt oppfatta av ein tidlegare kreftpasient frå Sunndal som har hatt eit lesarinnlegg i Driva, og i Romsdals Budstikke. Den tidlegare pasienten problematiserer særleg korleis det er å reise til cellegiftbehandling. Mitt svar er at dette er det ingen grunn til å uroe seg over. I dag skjer slik behandling ved kreftpoliklinikkar ved  alle sjukehusa  våre og slik skal det sjølvsagt vere i framtida. Kreftpoliklinikkane er ein del av nettverket til kreftavdelinga i Ålesund som igjen har ein tett relasjon til kreftavdelinga ved St Olavs hospital. Dette sikrar kvaliteten i dei ulike einingane og at alle kreftpasientar skal ha tilgang på dei same ressursane.

Artikkelen med Molde-legane handla om den lenge planlagde sentraliseringa til Ålesund av dei nukleærmedisinske undersøkingane. Dette heng også saman med at operasjonane for brystkreft  i framtida skal bli utførte i Ålesund. Det er derfor rett at SNR ikkje vil ha desse kreftoperasjonane. Men vurdert ut frå det vi veit i dag, vil der bli utført operasjonar for tjukktarmskreft.  Dette heng saman med at talet på pasientar med denne krefttypen vil vere stort nok til at ein kan forsvare ut frå kvalitetsomsyn å operere på to stadar i fylket. Dette «volumkravet» til operasjonar og inngrep heng saman med det enkle faktum at øving gjer meister. Men det er ikkje minst også krav til at sjukehuset må ha team med ulik spisskompetanse rundt pasienten og i tillegg kostbart utstyr.  Metodar, utstyr og kvalitetskrav er heile tida i endring. Dette har ført til at også Ålesund sjukehus dei siste åra har gitt frå seg fleire typar kreftinngrep til St Olavs hospital.

Frå kontaktane med brukarrepresentantane veit vi at dei gjerne reiser litt lengre for å få best mogleg behandling, t.d. ein operasjon, når dette er ei eingongshending. Men behandling som krev mange turar til sjukehus (kontrollar, cellegiftbehandling), vil dei helst ha ved det lokale sjukehuset eller i kommunehelsetenesta.  Dette er også prinsippet HMR bygg på i si planlegging av det framtidige helsetilbodet i fylket.

Vennleg helsing,

Odd Veddeng,

fagdirektør

Helse Møre og Romsdal