Da vedtaket om «evaluering av ny skulestruktur i Sunndal kommune» var oppe i kommunestyret 14/12-16 kunne eg stemme mot med glede, ei slags kjerringa mot strømmen eller David mot Goliat.

Første kommentar er at når opposisjonen kjem med slike lange dokument i sjølve budsjettmøtet blir det nestemt, og kommentert med at det blir for mykje å ta opp på sparket. Det skjedde bl.a. mot Maja Solli frå Venstre i fjor. Men når posisjonen kjem med slike forslag stiller det seg tydelegvis annleis, og fleirtalet er jo sikra i gruppemøtet før debatten i kommunestyret.

Det er eit omfattande forslag og ser flott ut, så kvifor stemmer eg i mot?

1. Det det er for mykje av i skulen er papirarbeid og byråkratisert evaluering, og for lite tid til å drive god undervisning som fremmer kvalitet i skolen.  Dette vil ta mykje tid både hos skuleadministrasjonen og ute på skulane.

2. Når ein skal vurdere før og etter noko må det gjennomførast ei samanliknbar undersøking før og etter endringa. I dette tilfelle gjeld det skulenedleggingar. Det går ikkje an å starte etterpå.

3. Det uttrykte målet var ei endring for kvalitet både i skule og barnehage. Skal det vurderast må begge delar vurderast, ikkje berre skule.

4. Kvalitet er viktig, og det blir det vurdert kvart einaste år og resultata blir drøfta i kommunestyret.  Her kjem det fram både om mobbing, trivsel og faglege prestasjonar og mykje anna. På den måten kan ein ut frå dei elevundersøkingane vi har lese om forandringane før og etter samanslåingane ut frå svært mange kriteriar.

5. Økonomi. Evalueringa skal koste 100.000, men sidan det er så omfattande trur eg det er for lite.  Men ein veldig stor kostnad som ikkje kjem fram i budsjettet er dei arbeidstimane som går med ute på skulane og i skuleadministrasjonen.

6. Viss det skal evaluerast så må det vere ut frå ulike valg i framtida.  Fins det verkeleg nokon som meiner at det skal drivast undervisning i dei nedlagte skulane igjen?  Viss ikkje er dette ei evaluering retta mot fortida i staden for mot framtida.  Vi treng å rette blikket framover.

7. I 2017 skal det sparast pengar i alle etatar. Det betyr å leite etter oppgåver som vi ikkje treng å gjere. Skulen blir pålagt det motsette.

KONKLUSJON: Eg trur dette berre vil koste tid og pengar, og blir til lite nytte. Eg trur det blir gjennomført berre fordi Arbeiderpartiet har lova å gjere det.

Eg vart likevel ikkje ei heilt einsam svale. 2 andre stemte også mot forslaget.

Ålvundfjord 18/12 -16

Arne Drøpping – i kommunestyret for Sunndal KrF.