Kåringa av årets Drivanavn har engasjert lesarane sidan den første kåringa i 2004. Sigrid har vore i leiinga i årets kåring heilt frå starten. I Driva set vi stor pris på å få dele ut den heider og ære det er å bli kåra til Årets Drivanavn. I år hadde lesarane ni verdige kandidatar å velje mellom. Vi har alltid presentert vinnaren i nyttårsavisa vår. Det gjer vi også i år, men blomsterbuketten og det fine rosemåla fatet som Liv Gjermundnes i Eidsvåg har måla må vi vente med å overlevere til vinnaren er komen heim frå oppdrag i operaen i Stockholm.

2016 er snart historie og vi er klare for å sjå framover i 2017. For nokre dagar sidan tok eg eit lite tilbakeblikk på avisene vi har gjeve ut i år. Vi har naturleg nok hatt mange saker i tilknyting til kommunereforma. Det er litt rart å sjå no når den «foreløpige fasiten» er klar. I forkant av folkeavstemmingane trudde dei fleste nessetgjeldingane at kommunen kom til å gå saman med Sunndal. Det vil ikkje sunndalingane ha noko av. Dei vil vere åleine. No er Nesset på veg inn i Molde kommune saman med Midsund. Dersom underskriftsaksjonen hadde vunne fram med kravet om ny folkeavstemming er det ikkje opplagt at utfallet hadde blitt det same.

Surnadal og Skei kan nok tenke seg å bli kommunesenter for ein kommune beståande av Surnadal, Rindal og Halsa. Svært lite tyder i dag på at det blir slik. Synd det. Rindalingane vil til Trøndelag. Kva Halsa gjer synest foreløpig uklart. Der kan det gå mot nok ei avstemming i kommunestyret om dei skal slå seg saman med Hemne og deler av Snillfjord, eller bli ståande åleine. Sett utanfrå har eg har vanskar med å forstå kvifor dei ikkje heller vil gå saman med Surnadal. Samkvemmet mellom dei to kommunane er stort.

På Nordmøre har det også vore stor debatt rundt regiontilknytnaden. Eg kan forstå at debatten oppstod ut frå dei kraftige vindkasta det har vore rundt plasseringa av det nye fellessjukehuset. Når det er sagt gjorde fylkestinget eit klokt vedtak når dei ønskjer seg Møre og Romsdal som eigen region inn i framtida.

Ha eit riktig godt nytt år!