Det var eit interessant arbeid. Når det gjeld sjukeheimplassar konkluderte vi med å planlegge i 2017, bygge i 2018 og drifte i 2019. Det er ikkje til å legge skjul på at dette er ein svært krevande plan for Sunndal, men planen vart einstemmig vedteke i kommunestyret.  Dermed skulle vi tru at dette også er kommunestyret sin plan.

Da vi kom til budsjettbehandlinga, la eg fram forslag om få pengar til bygging inn på økonomiplanen for 2019. Forslaget var fremma på vegne av V, KrF, H og Frp. Det vart fremma både i ØP og i kommunestyret. Til vår store forundring vart vi nedstemt. Fleirtalet med Ap, SV og Sp ville altså ikkje sette av pengar til bygging av sjukeheimsplassar i 2019.

Vi kan t.d. samanalikne dette med skule- og barnhagedebatten i 2014. Da vi i desember 2014 laga budsjettet for 2015, sette vi av pengar til barnehage på Ålvundeid i økonomiplanen for 2018, 3 år fram i tid.  Men no skulle vi altså ikkje sette av pengar til sjukeheimplassar - berre 1 år fram i tid.

Slik planlegging gjer mange av oss usikre på kva fleirtalet eigenleg meiner om sjukeheimsplassar.

Ålvundfjord 7.febr 2017

Arne Drøpping - i kommunestyret for KrF