Vegvesenet har asfaltert fleire fylkes- og riksvegstrekningar i distriktet vårt distrikt i sommar. Det har mellom anna betra vegstandarden på delar av fv. 65 i Rindal. Også andre stader i fylket vårt har nylagt asfalt gjort det meir bekvemt å vere sjåfør.

Det står likevel mykje igjen. I Møre og Romsdal er det til saman 54 mil med riksveg og 300 mil med fylkesveg. Dette er svært krevjande å vedlikehalde. Fylkeskommunen har ikkje pengar til å følgje opp vedlikehaldet på vegane dei har ansvaret for. Avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen peikar i dagens avis på at dei treng minst 130 millionar kroner i året berre for å behalde dagens nivå. I tillegg kjem pengar til å utbetre vegbanen på mange strekningar før asfalten kjem.

Årets asfaltsesong nærmar seg slutten. Heldigvis lovar vegvesenet å prioritere fleire strekningar i distriktet vårt før asfaltutleggjarane skal parkerast. Fleire riks- og fylkesvegstrekningar er i så elendig forfatning at dei må karakteriserast som trafikkfarlege. Alle som har køyrt strekninga på fylkesveg 62 mellom Eidsøra og Toven i Nesset vil truleg vere einige i det. Der må ein halde godt i rattet om bilen ikkje skal ta si eiga retning. No lovar vegvesenet betring. Det finst fleire strekningar med om lag like dårleg standard rundt om i distriktet vårt.

Det må eit krafttak til for å betre vegstandarden i Møre og Romsdal. Mykje er gjort, men det står mykje igjen. Det må meir pengar til.

Leiar Kristin Sørheim i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal har sagt det tidlegare, og tek det opp igjen i dagens avis. Ho meiner situasjonen er slik at politikarane må vurdere å sette store nye vegprosjekt på vent fram til det er tatt eit heilt nødvendig krafttak på vedlikehaldet på alt eksisterande vegstrekningar. Rindal-ordførar Ola T Heggem har tidlegare sagt det same.

Det blir brukt enorme summar på nye vegprosjekt i meir sentrale strøk i landet. Det er vel og bra, men desse må ikkje kome på kostnad av vegstandarden ute i distrikta!