Kommunereformen har ført til auka areal og folketalsvekst for både sunnmørs- og romsdalsregionen. Ålesund og Molde blir større gjennom samanslåingar, noko som kan vera starten på sterke og dominerande bykommuneregionar.

Men kva skjer på Nordmøre? Kristiansund makta ikkje å få ja frå nabokommunar, og alt no er det klart at minst tre kommunar tek farvel med sin eigen region. Rindal går inn i det nye Trøndelag fylke, Halsa søkjer tilhald i ein ny trøndelagskommune og Eide fusjonerer med Fræna. I tillegg signaliserer ordføraren i Gjemnes at hans kommune er for liten og svak til å stå åleine, og mykje talar for at Molde får overta her også. Surnadalsordføraren lukkast ikkje med frieriet sitt til dei to næraste naboane, og kan etter kvart søke samarbeid nordover.

Formålet med kommunereformen var m.a

- å styrke kommuneøkonomien

- å betre kvaliteten på kommunale tenester

- å overta oppgåver frå høgare offentlege styringsnivå

Eit like viktig moment i kjølvatnet av dette er korleis ein kommune kan bygge politiske alliansar for å gjera sitt eige område mest muleg attraktivt for utvikling og vekst i folketal og næringsliv.

Med den avskalinga vi no ser rundt Nordmøre, og ein regionby som av ulike grunnar har fått ein svakare posisjon samanlikna med Ålesund og Molde, stiller Nordmøre med tydeleg redusert politisk tyngde innanfor eige fylke i konkurransen om framtidige ressursar.

Kor står så Sunndal i denne nye ubalansen, og i kva retning bør kommunen søke samarbeid og alliansepartnarar? Kva faktorar har, i tillegg til ei forvitring av Nordmøre, ført Sunndal inn i ei mindre komfortabel stilling både økonomisk og politisk?

- Det første som må nemnast, og det er dessverre sjølvforskuldt, er det fatale NEI- et Nesset fekk på si oppmoding om samanslåing. Kommunestyret greip ikkje sjansen, såg ikkje utfordringane, men vart sittande stille i båten opptekne av historiske kommunale rekneskap og at fond ikkje skulle delast med andre.

- Flyktningemottaket vart vedteke nedlagt, med eit bortfall av arbeidsplassar og inntekter som resultat.

- Etter tydelege signal over fleire år blir eigedomsskatteinntektene vesentleg reduserte framover.

- Det er forøvrig viktig å vera merksam på eit særtrekk for Sunndal, nemleg manglande lokal innverknad når det gjeld styring av mange av dei største verksemdene i kommunen.

- Avvisninga av Nesset var heller ikkje noko godt trekk for drifta av Sunndal vidaregåande skole, kanskje heller ikkje for Sunndal Energi.

- Kostnaden med bygging av den nye Nordøy- vegen vil truleg forsinke og i verste fall forhindre ei ferjefri kryssing av Todalsfjorden.

Alle desse utfordringane lyt Sunndal kommune drøfte og ta stilling til snarast råd. I kva retning ein orienterer seg for interkommunalt samarbeid vil vera avgjerande for kvar Sunndal kommune etter kvart hamnar, både kommunalt og regionalt. Det er framleis muleg å sondere både nordover, vestover og østover. Å sitte stille og avvente i båten er ikkje noko alternativ.

Øksendal 10.01.18

Einar Mo