Det er lenge mellom kvar gong at ein kampanje som ikkje har edruskap som primært siktemål, har større sjanse for edruskapspolitisk effekt. Plutseleg blir det vedtatt at Arbeidarpartiet ikkje lenger skal bruke pengar på alkohol på sine partisamlingar, og til og med Unge Høyre vedtar totalforbod mot alkohol på sine arrangement!

Det er jo ikkje anna som har skjedd enn at ei lang rad personar – i dei fleste parti - har oppført seg slik som dei fleste veit, men ikkje alle vil vedgå, at når dei er påverka av rusmiddel, fungerer ikkje vurderingsevna lenger heilt normalt ut frå akseptable kriteriar.

Som fylkesleiar i Actis, Rusfeltets samarbeidsorgan i mange år, har eg opp gjennom åra hatt ei rekke kurs for ungdom og ungdomspolitikarar, med sikte på å styrke kunnskapen om og forståinga for ein aktiv og medviten ruspolitikk. Når vi har tatt opp kva slags reglar og praksis ungdomspartia hadde til rusmiddel på sine arrangement, var det svært lenge lite forståing, sjølv om det for mange år sidan vart notert at Jagland i AUF hadde fått gjennom alkoholforbod på Utøya. Så kom Søviknessaka – og fleire saker i FrP, og dette partiet fekk i alle fall tidleg reglar og øving i korleis dei skulle handtere fylle- og overgrepssaker. Og sosiologi-professor Willy Pedersen dokumenterte for ein del år sidan at ungdomspolitikarane var meir liberale i sitt syn på rusmiddel enn ungdommar i andre ungdomsorganisasjonar. Men holdningane har jamnt blitt meir liberale dei siste par tiåra både i dei fleste partia, i kommunestyra og fylkestinget og på nasjonale fagsamlingar til dømes innanfor skolesektoren, til bruk av kontingent- og skattepengar til alkoholservering. Dei vedtaka som vart gjennomført m.a. i Møre og Romsdal fylkeskommune i 1976, med at det ikkje skulle skje alkoholservering  for offentleg rekning, vart oppheva.

Og heilt til det siste har ungdomspartia til FrP, Høyre og Venstre gått ut med draumar om ein «fridomsrevolusjon» når det galdt rusmiddel. Men MeToo-kampanjen og alle hendingane og oppslaga i etterkant av den, har kanskje gitt større forståing for at alkohol er ein tvilsom alliert i politikk og alt organisasjonsarbeid. I ein svært stor del av MeToo-sakene er det heilt tydeleg at det er alkoholen som er «elefanten i rommet.»

Eivind Hasle6650 Surnadal