Eg er for eit godt og nært samarbeid mellom Sunndal og Surnadal kommunar. Men målet med dette samarbeidet må ligge i samarbeidet sjølv, i den praktiske nytten for begge partar. Målet må ikkje vere kommunesamanslåing. Slik både fylkesmannen og kommunestyrerepresentant Stig Rune Andreassen (Frp) har antyda.

Alt snakk om kommunesamanslåing i denne samanhengen er ei avsporing, og viser ein suveren forakt for folkeviljen. 80% sa nei til å legge ned Sunndal kommune. Kommunesamanslåing er ikkje ei slags naturlov, slik representanten Andreassen har framstilt det i media: «en kommunesammenslåing vil nok komme, uansett hva vi sier» (Aura Avis 16/1 2018). Det utidige presset for samanslåingar er bevisst politikk frå blå sentraliserings- og privatiseringskrefter.

Da må vi andre stå for ein bevisst politikk for det motsette – for styrka kommuneøkonomi, for ein styrka offentleg sektor generelt, for frivillig samarbeid over kommunegrensene. For å forsvare lokalt og reelt demokrati, som forutset relativt små og oversiktlege einingar.

«Politik är att vilja», sa Olof Palme. Den determinismen representanten Andreassen fremmar er det motsette av demokrati, fordi den skjuler andre sin vilje og andre sine interesser. Det er den blå regjeringa som pressar på for sentralisering og påfølgande opning for meir konkurranseutsetting og privatisering. Det var derfor kapitalinteressene i NHO gjekk inn for berre fire kommunar i heile Møre og Romsdal fylke. Samanhengen burde vere klar for alle som vil sjå. Å snakke om kommunesamanslåing som noko uunngåeleg er for å avvæpne oss og få oss til å tru at vi ikkje har noko val. Men frie menneske har alltid val, det er sjølve grunntanken i demokratiet. Derfor: Ja til samarbeidet med Surnadal, og nei til sentraliseringspropagandaen frå representanten Andreassen og andre.

Erling Outzen

Leiar i Sunndal SV