1. januar 2020 er datoen da verknadane av kommunereforma slår inn for fullt. I vårt område er det innbyggarane i Nesset og i Halsa som blir direkte berørt. Det synest og klart at rindalingane på første nyttårsdag i 2020 vaknar opp som trønderar. Kanskje skjer det allereie frå komande årsskifte. Sunndalingane held fram som sunndalingar og surnadalingane vil framleis vere surnadalingar. Kva som skjer med Gjemnes og Tingvoll står att å sjå.

Regjeringa sine ambisjonar i kommunereforma var nok langt større enn det resultatet ser ut til å bli. Dei ivrigaste reformistane såg tidleg for seg at det knapt var tilrådeleg å gå inn i framtida med kommunar som hadde mindre enn 10.000 innbyggarar. Slik gjekk det heldigvis ikkje. Så langt ligg det an til at talet på kommunar blir redusert frå 428 til 358. Vel 90 kommunar har sagt seg villig til meir eller mindre frivillig samanslåing, medan 32 kommunar blir til ni ved bruk av tvang. Så spørst det da om regjeringa tek i bruk enda kraftigare økonomiske tiltak framover for slik å få fortgang på ein ny runde med samanslåingar. Ting kan tyde på det.

Blir vi meir effektive og får vi eit betre liv i større kommunar? Mange vil svare eit klart nei på det spørsmålet. Det blir likevel feil å ikkje sjå at noko faktisk kan kome til å fungere betre i ein ny og større kommune.

Det eg fryktar mest er at dei mange kommunesamanslåingane gjer noko med identiteten vår. Med det å høyre sterkt til ein stad. Identiteten til bygda der vi bur blir neppe mindre, men den blir truleg svekka i høve den nye kommunen. I alle fall i starten. Kva skjer med det politiske engasjementet som er stort i dei små kommunane i dag?

Som nessetgjelding blir det for meg rart å sjå på Molde som kommunesenter. Eg vil tru mange som frå 1. januar 2020 får eit nytt kommunesenter å forhalde seg til, vil føle det på same viset.

Eg har dekt kommunestyremøta i Nesset gjennom tre tiår. Ikkje så ofte no som før, men på eit møte no på nyåret kjente eg på eit visst vemod når eg tenkte på at om eit par år blir det Molde kommunestyre som skal seie ja eller nei til asfaltering på ein kommunal vegbit eller avgjere andre ultralokale spørsmål. Vel, Nesset er nok ikkje verst stilt som får sitt eige kommunedelsutval. Eit utval som eg rek-nar med får ha eit ord med i laget i det meste som har med bygdene i noverande Nesset å gjere.

I tillegg til kommunereforma har regjeringa vedteke ei regionreform der 19 fylke blir til 11 regionar. Møre og Romsdal får halde fram som før. Det er det fornuft i. Langt verre er det at Troms og Finnmark skal tvingast saman. Det er ikkje vanskeleg å forstå den kraftige motstanden i landets nordlegaste fylke. Dei fryktar dei kjem langt dårlegare ut enn i dag. Dei er nok for langt frå kvardagen i ein landsdel med store avstandar dei som har vedteke tvangsekteskapet i nord.

God helg!