FREDAGSTANKAR

Vår på humpete vegar

«No bli det vår, det kjenne e so vel», skreiv Hans Hyldbakk i diktet Vårsøg.

Vår: Våren er i anmarsj. 

Meninger

Eg tenkte på diktet sist onsdag da vi starta verandasesongen heime med å innta middagen i utestua etter arbeidstid. Du og du kor godt det var å kjenne sola varme!

Vinteren som er i ferd med å sleppe taket har både vore snørik og kald. No lovar meteorologane tosifra plussgrader framover. Bra! Vi treng litt varme i kroppen no.

Tida er og inne f or å skifte til sommardekk for dei som køyrer gjennom vintersesongen med pigg i dekka. Eg har køyrt 39 vintrar med piggdekk. Dei siste tre vintrane har eg køyrd piggfritt og må medgje at det kunne eg ha starta med for lenge sidan. Erfaringane med piggfrie dekk er gode. Det gjeld å tilpasse seg køyreforholda. Det er ikkje mange dagane eg har vore nøydd til å ta spesielle omsyn. På strekninga mellom Eidsvåg og Sunndalsøra sørgar vegsaltet for at vegane dei fleste dagane har vore både snø- og isfrie.


Vegsalt er vel og bra, men kombinasjonen salt og pigg røyner spesielt på vegstandarden. Somme stader er den rett og slett elendig. Sprekkar i asfalten i kombinasjon med telehiv er inga god løysing verken for sikkerheita eller komforten.


Det er framleis a ltfor mange mil med elendige vegar også i vårt distrikt. Da fylka tok over ansvaret for det som vart fylkesvegar i 2010, vart det sagt at etterslepet var rekna til vel 20 milliardar kroner. Eigentleg var kronebeløpet langt høgare.


Eg leita fram ein kronikk som dagens leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim, hadde på trykk for ei tid sidan. Der peika ho på at dersom fylkeskommunen ikkje får betre rammevilkår, vil resultatet blir redusert ferjetilbod, meir forfall på vegane, tunnelar og bruer og ingen nyinvesteringar.

Etterslepet for å hindre forfall på fylkesvegane er på 5,9 milliardar kroner i Møre og Romsdal. Det er mange tunnelar og bruer som krev sikring og det er stor underdekning på ferjedrifta. Det må med andre ord gjerast eit skikkeleg krafttak for å unngå at vi i åra som kjem ikkje må belage oss på å ferdast på ein enda skrøpelegare vegstandard.

Det har vore arb eidd godt for å få på plass ferjeavløysingsprosjekt i Møre og Romsdal. I vårt distrikt er det Todalsfjordprosjektet og Halsafjorden som ventar på realisering. Viktige prosjekt som må på plass.

Det er nødvendig med vegutbygging på Austlandet der trafikken er enorm samanlikna med Romsdal og Nordmøre, men vi lever i eit langstrakt land der også distrikta i sterkare grad må prioriterast. Det er gjort mykje når det gjeld samferdsel på Nordmøre, men det står mykje att når det gjeld vedlikehald. Vi kan ikkje godta at vi i framtida skal måtte ferdast på enda dårlegare vegar. Det må eit politisk krafttak til for å unngå det.

God helg!