Eg blei gjennom Tidens Krav (TK) av 24. september 2013, for over eit år sidan, for første gong kjend med at det var tankar om å leggje ned Stangvik aldersheim.

I avisa denne septemberdagen blei nemleg Surnadal kommune sin budsjettkonferanse på Veidholmen omtala. Her går det fram at no måtte ein vere førebudd på ymse former for kutt og sparetiltak. Av dei meir drastiske forslaga rådmannen i Surnadal kom med var at han opna for å leggje ned Stangvik aldersheim. I følgje TK hadde rådmannen sagt det slik: ”Jeg tror ikke det er økonomisk forsvarlig å beholde aldershjemmet”.

Eg reagerte spontant med å kome med eit lesarinnlegg i lokalavisene kor konklusjonen var at vi framleis trong Stangvik aldersheim. I møte 21. oktober i fjor følgde Surnadal eldreråd opp med å fatte eit samrøystes vedtak kor mine tankar i heilskap blei støtta. Alt dette kan dokumenterast.

Ein rapport som kom ut i 2013 viser at langt i frå alle eldre ønskjer seg omsorgsbustad når dei ikkje lenger kan bu heime. Tvert i mot svarar halvparten i ei undersøkjing at dei ønskjer å bu på ein aldersheim. Forskarane Turid Aarseth og Eli Kjersem ved Høgskolen i Molde hadde spurt 460 eldre over 70 år som bur heime kor dei kunne tenkje seg å bu i alderdommen. Svara overraskar og er nok politisk ukorrekte, meiner forskarane.

Forskarane Aarseth og Kjersem uttala seg slik til Romsdals Budstikke: ”Da institusjonene ble nedbygget og avviklet på 1980-tallet, forsvant aldershjemmene. I vår undersøkelse er ikke aldershjemmet et forlatt sted. Mange eldre er ikke så sterkt opptatt av selvstendigheten og friheten de kan få i en omsorgsbolig. De er opptatt av trygghet og sosialt fellesskap. Det er viktigere enn valgfrihet.”

Dei siterte forskarane stiller spørsmål ved kunnskapsgrunnlaget som dagens eldrepolitikk, med massiv satsing på omsorgsbustader, er tufta på.

Ei undersøkjing utført av helseutvalet i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal viser at dei fleste kommunane i fylket vårt har ei underdekking som er under norma (som Pensjonistforbundet legg til grunn) om at 25 prosent av dei eldre som er over 80 år, skal ha rett til ein sjukeheimsplass. Surnadal kommune var ved undersøkjinga tett opp under norma når dei 15 plassane ved Stangvik aldersheim blei rekna med som sjukeheimsplassar. Med den forventa auken i talet på eldre i åra frametter vil eg tru at ein sårt treng dei sjukeheimsplassane kommunen har. Nedlegging av Stangvik aldersheim bør derfor ikkje skje før eit tilsvarande like godt fagleg tilbod er etablert og sett i drift.

Fylkeseldrerådet og Pensjonistforbundet i fylket vårt har i fleire samanhengar peika på at nedbygging av sjukeheimar og i staden satsing på omsorgsbustader skjer ut i frå økonomiske omsyn. Det er nemleg langt billegare å drifte omsorgsbustader enn sjukeheimar.

Stangvik aldersheim, som erstatta den gamle Årvak aldersheim, blei oppført i 1987. Dette var stikk i strid med trenden på den tida. Surnadal kommune var ”kjerringa i mot straumen”. I dag kan ein kanskje seie at kommunen den gongen var framsynt. Dei refererte forskingsresultata kan tyde på det.

I den seinare tid har Stangvik aldersheim si framtid kome på dagsorden som følgje av ei sak om gjennomgang av dagens bruk av helse- og omsorgstenester og val av framtidig strategi. I ein rapport som ei arbeidsgruppe samansett av kommunalsjef helse- og omsorg, økonomisjef og einingsleiarane innan pleie- og omsorg har utarbeidd heiter det om Stangvik aldersheim: ” Stangvik aldersheim – blir avvikla som aldersheim, reduserer med 15 institusjonsplassar. Aldersheimen kan byggjast om til 8 tilrettelagte bustader anten i kommunal eller privat regi.”  Pkt. 2 i rådmannen si tilråding i denne saka lyd slik: ”Det blir starta ein prosess med avvikling av Stangvik aldersheim som aldersheim, der tillitsvalde og pårørandeforeninga ved Stangvik aldersheim vil vere viktige samarbeidspartnarar. Målet må vere at denne prosessen er ferdig sluttført i løpet av våren 2015.” Vidare kan nemnast at Hovudutvalet for helse og omsorg i Surnadal mellom anna har vedtatt følgjande: ”HHO ber om at saka blir sendt ut til lag og organisasjonar for høring, med svarfrist fredag 26.09.2014.”

Styret i Surnadal Pensjonistlag og Surnadal eldreråd har i møter 23. og 24. september, kvar for seg, fatta denne likelydande uttalen: ”Omlegging av drifta ved Stangvik aldersheim må ikkje skje før eit tilsvarande og like godt fagleg tilbod er etablert og sett i drift. Før ombygging av aldersheimen til omsorgsbustader skjer må ein sikre seg at det er tilstrekkeleg interesse for eit slikt tilbod.”

I Todalen har det, i regi av sanitetsforeininga, vore eldrebustader sidan først på 1980-talet. Dette har vore vellykka. Den store skilnaden mellom Todalen og Stangvika er at i Todalen har ein daglegvarebutikk i nærleiken. Dette tilbodet har ein ikkje i Stangvika. Det er det grunn til å tru at eventuelle framtidige brukarar av omsorgsbustader i Stangvika vil kome til å merke denne skilnaden.

I avisa Driva av 29. september går det fram at det har vore grendemøte i Stangvika, med 25 oppmøtte, den 24. september. Avisa gjev ein brei omtale av situasjonen. Bergsvein Brøske og Ivar Melkild uttalar seg til avisa som talsmenn for Stangvik grendelag. Her går det fram at grendelaget ber kommunen om å stoppe prosessen mot nedlegging og ber mellom anna om at andre alternativ blir utgreidde. Talsmennene Brøske og Melkild trekkjer fram mange fordelar med framleis å ha Stangvik aldersheim i drift. Dei presiserer at grendelaget sitt syn i saka ikkje er eit korstog mot kommunen, men ein aktiv samfunnskamp for å  bevare institusjonen og ei bøn til dei folkevalde om å utgreie betre.

Det er å håpe at dei innspel som er komne inn etter høyringsrunden blir grundig vurderte og resulterer i heilskapsbaserte og framtidsretta forslag til beste for dei pleie- og omsorgstrengande eldre i Surnadal kommune. Slik eg ser det treng vi framleis Stangvik aldersheim.

Johs. J. Vaag

Folkevald og tillitsvald i dei eldre sine råd og organisasjonar

Johs J. Vaag.