Ordførar Refstie meiner visst at han har løyst rovdyrproblemet. Men det blir inga løysing når ein tar snarvegar.

Det følgjer av rovviltforliket pkt 2.2.19 at det skal vere ein tydeleg forskjell på rovdyrforvaltninga mellom område der beitedyr er prioritert og der rovdyr er prioritert: «Soneinndelingen må forvaltes tydelig. I prioriterte beiteområder skal uttak av dyr som gjør skade på beitedyr gjøres raskt, og i slike områder skal miljøforvaltningen i større grad enn i dag bidra til å effektivisere slikt uttak, uavhengig av om bestandsmålet er nådd. I prioriterte rovviltområder skal saueproduksjon og andre produksjoner basert på utmarksbeite tilpasses gjennom forebyggende tiltak og omstilling, med utgangspunkt i forekomsten av rovvilt i beiteområdet.»

Refstie er sikkert merksam på at rovviltnemnda har vald å ta Trollheimen ut av yngleområdet for jerv, fordi det er så godt eit beiteområde. Etter at forvaltningsplanen blei endra, har det vore fort gjort med fellingsløyver og andre tiltak for å skyte jerv i Trollheimen.

Samtidig valde den same rovviltnemnda å la fjellområda sør for riksveg 70 framleis inngå i det arealet som no aleine har mål om tre jervynglingar årleg. Lokale politikarar har altså bestemt at jerven skal ha prioritet framfor beitedyra i Sunndalsfjella og sørover til Reinheimen. Etter at Trollheimen blei tatt ut av jerven sitt yngleområde, har det ikkje lukkast jerven å få til tre årlege ynglingar i det området som er igjen.

Når Refstie no seier om areala sør for Sunndalen at "Dette er et av Norges beste beiteområder for sau", så blir det vanskeleg. Er det slik å forstå at Refstie heller vil ha jerven tilbake til Trollheimen? Alle stader kan ikkje vere mellom dei beste beiteområda i Noreg.

I rovdyrforliket står det i same avsnittet som Refstie siterte også «All forvaltning av rovdyr skal bygge på vitenskapelig og erfaringsbasert kunnskap.» Kor stort areal ein jerv treng er eit fagleg spørsmål. Når Refstie meiner det får halde med areala i nasjonalparken, så vil eg gjerne sjå det faglege grunnlaget for ei slik utsegn. Så lenge ein ikkje når målet om tre årlege ynglingar i det området ein har no, kan ein vel ikkje vente at det skal oppfyllast med eit mindre område?

Rovviltforvaltninga har oppfylt første del av punktet som var sitert frå rovviltforliket, mellom anna ved å skyte jerv i to hi i Trollheimen sist vår. No står siste setninga igjen: «I prioriterte rovviltområder skal saueproduksjon og andre produksjoner basert på utmarksbeite tilpasses gjennom forebyggende tiltak og omstilling, med utgangspunkt i forekomsten av rovvilt i beiteområdet.» Refstie, det er ditt privilegium og di plikt som Sunndal kommune sin ordførar å hjelpe dei saueeigarane det gjeld slik at dei kan tilpasse produksjonen sin til den rovdyrbestanden som er bestemt for det området. Det er ei vanskeleg oppgåve, så lukke til!

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden.