Årets flottaste kulturhelg på Nordmøre er i gang. I sitt 20. år står Vårsøghelga fram meir solid enn nokon gong med ei rekke arrangement og flotte artistar.

Dei ante nok knapt kva dei var i ferd med å stelle til, Bergsvein Brøske og Henning Sommerro, da dei våren for 20 år sidan kom i prat på ferja mellom Halsa og Kanestraum om ei årleg kulturhelg i Surnadal. Med Vårsøgbegrepet i botn, var utgangspunktet det beste. Erik Bye var hovudattraksjonen det første året. Dermed var standarden på eit vis sett også for seinare Vårsøghelger.

Ulike eldsjeler har stått i spissen for Vårsøghelga. Dei har alle gjort ein stor jobb. Det er likevel slik at Henning Sommerro sitt engasjement har vore avgjerande for den årlege kultursuksessen med Kleivakvelden som det store høgdepunktet. Når Henning avsluttar kvelden med Vårsøg, kjenner dei som er til stades på sjølve nasjonalfølelsen. Diktet som Hans Hyldbakk skreiv for 70 år sidan, og som Henning Sommerro sette melodi til i 1971, framstår på eit vis som vår andre nasjonalsang.

Laurdag kveld er det Arve Tellefsen som er det store trekkplasteret på Kleiva. Saman med fleire andre faste innslag. Det er berre å gle seg. Tellefsen går inn i rekka av store nasjonale og internasjonale artistar som har stått på den ikkje altfor prangande scena på Kleiva dei siste tjue åra.

Driva har dei siste fire åra vore så heldig å få samarbeide med Vårsøghelga om Drivadebatten. I ettermiddag er det kommunereforma og verknadene for lokaldemokratiet som skal diskuterast i Svorkasalen. Med Per Sandberg, Per Olaf Lundteigen, Kjell Neergaard, Ola T Heggem og Lilly Gunn Nyheim i panelet, er eg trygg på at dette blir ein frisk og opplysande debatt der også publikum skal få sleppe til med spørsmål og korte kommentarar.

Vêret kan sjøl ikkje Vårsøghelga gjere noko med. Årets arrangement er det første utanom pinsehelga. Det var godt ein unngjekk styggevêret sist helg. I helga ser det betre ut.

God helg!