Kommunar har for lite pengar. Bønder har for lite pengar. Huseigarar og småbarnsfamiliar kan også ha for lite pengar. Køa er lang med dei som på ein eller annan måte har for lite pengar. Eigentleg rart, vi har vel meir pengar enn nokon gong.

Det er nokre som har meir enn nok med pengar. Dei har visst eit kraftverk på Fløystadfjellet. Så mykje pengar har dei at dei gjerne vil dele med andre. Lovnadene er mange, meir til alt. Sagt på ein slik måte at ein kan tru at om ein ikkje vil ta imot gåvene så er det noko gale med deg. Då vil alt gale skje. I alle fall ikkje noko godt.

Desse pengane som skal delast ut, kvar kjem dei frå? Dei som vil dele ut pengar har til no ikkje tent ei krone på prosjektet. Lovnadene som kjem er til og med betalt med pengar som ikkje er tent endå. Det er lovnader om pengar som skal kome. Dei har idear, naturen betalar som alltid.

Kloden vår er rund. Ikkje pølseforma og uendeleg lang. Vi har berre ein klode, som vi alt nytter ut så hardt at vi ender opp med store hol og skraphaugar.

Viss det var uendeleg mykje natur å ta av, så kunne det nok vere ein god ide å la naturen arbeide for oss. Det er berre det at slik er det ikkje. Vi har for lengst brukt opp avkastinga, og no held vi på å bruke av kapitalen. Bruker vi opp naturen, så stel vi frå dei som kjem etter oss. Mange har lånt og lever på forskot, og slit alt med å betale, vi har bruka vår del og vel så det. Vår generasjon er ikkje slik stilt at vi kan låne endå meir. Vi kan ikkje lenger seie at naturen betalar. Sei nei takk til tjuvpengane!

Øystein Folden

Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal