Om det er byråkratane sjølve som skriv nynorsk eller om det har oversettarar sei ikkje rapporten språkfakta noko om, men den registrerar at staten brukar mykje meir nynorsk i sine dokument.

Både departement og resten av statsforvaltninga har brukt meir nynorsk på 2000-talet enn før. I 2014 var 28 prosent av alle stortingsdokument på nynorsk, mot 13 prosent i 2000.

Alle skjema for publikum skal liggje føre på både nynorsk og bokmål, og det gjorde 78 prosent i 2013, mot 55 prosent i 2000. Det skriv Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015».

Språkleg regelverk og praksis i offentleg forvaltning har mykje å seie for den allmenne språkbruken i Noreg. Av 428 kommunar i 2015 hadde 113 eller kvar fjerde kommune nynorsk som tenestemål, medan 158 hadde bokmål og 157 var nøytrale.