Rådmannen i Surnadal tilrår at kommunestyret set seg imot at utbyggarane av Ljøsåa kraftverk i Hemne får høve til leggje ut søknad om utbygging til offentleg ettersyn.

Bakgrunnen for saka er at Melan Invest AS v/grunneigar Svein Anders Haugen og Clemens Kraft AS samarbeider om ei mulig utbygging av Ljøsåa nord i Rindal kommune. Planane inneber overføring av vatn frå Toråa. Toråa er ei sideelv av Lomunda og inngår i Surnavassdraget som er nasjonalt laksevassdrag.

24. september 2015 vart det etter ønske frå utbyggar halde eit møte mellom Surnadal og Rindal kommunar, lokale elveeigarinteresser og utbyggar. Formålet var å informere om planane for kraftutbygging.

Rindal kommunestyre har sidan gjeve høve til å leggje ut søknaden til offentleg ettersyn begrunna med at dei ønskjer å få alle fakta inkludert høyringsuttaler på bordet. I avgjerda ligg det vilkår for at kommunestyret med å gje slikt høve ikkje bind seg til ei positiv haldning til sjølve konsesjonssøknaden når den tida kjem.

Det vart ingen debatt i kommunestyret i Surnadal i saka. Ingen ønskjer å sette vassføringa i Surna oppstraums Trollheimen kraftstasjon på spel, og rådmannens tilråding vart einstemmig vedteke.