Administrasjonen i Surnadal kommune ønskjer å ta eit initiativ via næringsforeninga for skape eit betre handelsmiljø gjennom fysisk tilrettelegging i aksen frå Surnadal Sparebank til Amfi-senteret.

Dette meiner kommunen kan være tiltak som benkar/møteplassar i handelsområdet,pynting av julegate, blomsterdekorasjonar om sommaren eller andre tiltak som fremmer handel og trivsel i sentrum.

- Slike tiltak er som oftast organisert og finansiert som spleiselag mellom dei næringsdrivanderundt omkring på dei ulike handelssentra, seier rådmannen i sitt framlegg.

Administrasjonen vil derfor fremme eit forslag ovanfor formannskapet om å løyve Surnadal Næringsforening 100.000 kroner til dette tiltaket under føresetnad at næringsforeninga gjennom eit spleiselag mellom dei næringsdrivande klarer å skaffe det dobbelte beløpet, enten gjennom dugnadsinnsats og/eller pengebeløp.

Kommunen seier Surnadal Næringsforening vil være ansvarleg for forvaltning og bruk av pengebeløpet innafor ramma:

«Tiltak for eit betre handelsmiljø gjennom fysiske tilretteleggingarpå strekninga frå Surnadal Sparebank til Amfisenteret».

Utspelet kjem etter eit frukostmøte i Surnadal i haust, der eit slikt tiltak vart etterlyst av entreprenør Ingar Sæther.

- Dei får det bra til på Sunndal, det bør vi klare her og, sa han.

Leiar Ivar Næss seier næringsforeininga avventar politisk behandling i formannskapet før dei behandlar saka i styret, og ønskjer ikke å forskottere noko.

Kommunen bevilgar pengar fra næringsfondet. Spørsmålet politikarane må ta stilling til er om dei har råd.

- Om vi bevilgar pengar genererar det det dobbelte fra næringslivet. Det må vi ta oss råd til, seier senterpartiets Nils Håvar Øyås.

Formannskapet behandlar saka i møtet tirsdag, da og budsjett og økonomiplan er oppe til debatt.