Etter fleire framsyninger blant anna i Storstuå og kinosalen i kulturhuset i Surnadal slepp no Eistein Bæverfjord den populære krigsfilmen sin på DVD.

Krigsfilmen handlar om krigen i Surnadal og nærområda og har fått særs gode tilbakemeldingar fra publikum.

No er det mulig å kjøpe filmen på DVD for dei som ønskjer å sjå den ein eller fleire gonger til, gje han i gave eller sjå han for første gong.

– Etter fleire framsyningar på Kulturhuset og andre plassar på Nordmøre, blir det no for spesielt interesserte, muleg å kjøpe denne krigsminneDVDen. Den blir å finne i kassa på COOP-loftet på Skei frå og med laurdag, seier Eistein Bæverford.