Laurdag var det endeleg klart for snorkløpping og offisiell opning av den nye kunstgrasbanen på Svissholmen i Stangvika, og det var skikkeleg feira med kakefest, gåvedryss og fotballkamp.

Det siste året har Svissholmen vore anleggsområde, og prosjektet har til tider skapt debatt i media gjennom anleggsperioden. Men på opningsdagen var det ingen sure miner, og grendalaget kan være stolte av det flotte anlegget der første del er ferdig.

Eit stort løft

Bergsvein Brøske har vore prosjektleiar, og og starta programmet med å orienterte publikum om prosessen med kunstgrasbanen som er ein del av heile reguleringsplana for Svissholmen. I reguleringsplana inngår både båthamna, kunstgrasbanen og grillplassen, og no er det berre opprusting av grillplassen som står att før heile prosjektet er i hamn.

Kunstgrasbanen har vore eit stort løft for grendalaget, med investeringar rundt 400.000 kroner. Dette er er finansiert gjennom tippemidlar og god støtte frå sponsorar. Surnadal sparebank har vore hovudsponsor og elles har det vore gode bidrag frå Svorka, Gjensidige Surnadal, Talgø, Sparebank1 SMN, Surnadal kommune og ikkje minst ein omfattande eigeninnsats frå grendalaget.

- Og vi har faktisk klart å halde oss innafor budsjettrammene som var sett.

Brøske sette også stor pris på at anlegget på Svissholmen blir mykje bruka. Det er ikkje berre lokalbebolkninga held til her – det kjem faktisk folk frå heile distriktet som finn det naturleg å ta ein pause her på Svissholmen og det setter vi stor pris på.

Sjølve snorkløppinga og den offisielle opninga var det ordførar Lilly Gunn Nyheim som foretok. Ho helsa frå kommunen og hadde med seg eit par fotballar og eit grillsett som gåve til anlegget. Vidare var Liv Dalsegg frampå for hovudsponsoren Surnadal Sparebank og ho hadde med seg gåvesjekk på 50.000 frå banken.

Oldboys - youngboys

Så var det klart for fotballkamp. – Eit oldboyslag med “gamle” lokale fotballstjerner mot eit Youngboys-lag i eit uhøgtideleg oppgjør på nybanen. Her fikk nok ikkje gammelkara noko gratis, men vi veit ikkje korleis resultatet vart da vi måtte dra vidare før kampen egentleg var ordenleg i gang.