Kultursjef Turid Øverås i Nesset fortel at det er cruiseskipet «Amadea» som kjem.

– Skipet kjem klokka 8 og blir liggande til klokka 14. Det vil ankre opp eit stykke ute på fjorden og dei tyske turistane blir frakta inn til kaia på Nauste i såkalla tenderbåtar. Molde og Romsdal havn har rusta opp kaia med bl.a. ei flytebrygge slik at det skal gå greitt å ta folk i land. Åtte bussar skal ta passasjerane på ulike utflukter i distriktet.

Kor går utfluktene?

- Nokon skal køyrast opp til Øverås og ta ferja over vatnet til Eikesdal. Andre blir køyrt til Eikesdal for å bytte med dei som kjem med ferja. Det skal og settast opp buss til Sunndal, til Molde og vidare til Åndalsnes og Trollstigen. Det blir mange bussar som køyrer gjennom bygda denne dagen. 7. juni er jo også dagen for unionsoppløysinga og er offisiell flaggdag. Eg håper det blir mange flagg å sjå gjennom bygda denne dagen, seier Øverås.

Bussane vil ha behov for snuplassen på Nauste til oppstilling, og det vil difor ikkje bli mogleg for skulelystne å køyre heilt ned til kaia.

– Vi oppfordrar alle som har lyst til å sjå skipet og aktiviteten til å ta turen utover stranda, opp på Nakken eller stå i småbåthamna der ein vil få «orkesterplass» til skipet på fjorden. Eresfjord småbåtlag planlegg kaffesalg til dei som tek turen innom der. Dette blir spektakulært.

Tirsdag 19. juli er det klart for nok eit cruiseanløp. Da kjem «Albatross» (tidlegare Toyal Viking Sea) med plass til 800 passasjerar.

Turid Øverås og Per Helge Rudi i Eresfjord har vore med i ei lokal gruppe som har arbeidd med å legge til rette for cruisbåtanløpa. Det har i fleire år vore jobba for å få cruiseskip inn til Eresfjord. Arbeidet skaut fart under Vekstkommuneprogrammet som Nesset hadde gåande for nokre år sidan.