Vårsøghelga, Stangvikfestivalen og Kulturskolen på Indre Nordmøre fekk økonomisk hjelp til å kjøpe inn nytt "flyttbart" flygel før Vårsøghelga i år. Kulturskolerektor Torbjørn Larsen var initiativtakar og har hatt god hjelp av Trygve Brøske som innkjøpskonsulent.

Instrumentet med ein listepris på i overkant av 360.000 kroner er solid sponsa av Surnadal Sparebank, Svorka og Gjensidige Surnadal - og Torbjørn Larsen opplyser at dei fekk pruta ned prisen til det taket dei hadde sett for innkjøpet.

- Vi leigde jo eit flygel til Stangvikfestivalen til ein kostnad på kr 25.000. Då fann vi ut at det kan vere greitt å ha eit skikkeleg instrument ståande. Det er litt same prinsipp som ordninga "Parkert piano" der flygelet til dagleg står parkert på kulturskolen, men kan flyttast rundt til arrangement etter behov.

Resultatet vart eit japansk Shigeru Kawai-flygel som utøvarane er svært nøgd med og som publikum får høyre i aksjon for første gong under Mozart-maraton fredag kveld.

- Heile handelen frå første telefon til leverandøren tok to månader, noko som er rimeleg raskt på eit kjøp av dette slaget, seier Larsen.

Poenget er at det er eit relativt lite instrument - 190 centimeter langt - som går inn i heisen på Surnadal kulturhus. Når det flyttast, blir det utstyrt med ei treramme slik at sjølve instrumentet ikkje får skrammer og sår av flyttinga.

Fredag formiddag møttest nye eigarar og sponsorar til "avduking" og ein liten smakebit på klangen i instrumentet og lokalet på gammelsamvirkelaget. Hedda Hansen Berg spela eit lite stykke av Debussy og ein liten snutt frå pianokonserten av Mozart ho skal spele fredag kveld.

Den lille Mozart-maratonen består av utdrag frå fire pianokonsertar av Mozart, eigentleg skrive for solo piano og fullt orkester, men i kveld blir orkesterrollen spela av utøvarane sjølv ved at eit piano til er frakta til gammelsamvirkelaget. Dette skal brukast til akkompagnement, medan nyflygelet sjølvsagt frå solistrollen.

- Eg har fått sitje her og øve denne veka, og det er verkeleg eit praktinstrument å spele på. Og med klangen i lokala i tillegg har det vore ein fryd, opplyser Hedda Hansen Berg.

Fredag kveld får vi først høyre Brage Kristian Einum spele pianokonsert i d-moll akkompagnert av Magnhild Frydenlund Brøske før Trygve Brøske tek over som solist i pianokonsert i G-dur med Hedda Hansen Berg som akkompagnatør.

Hedda vil så spele konsert i Ess-dur med Brage Kristian på akkompagnement før søskenparet Magnhild og Trygve Brøske får avslutte konserten med kjente tonar i C-dur-konserten.

- Det meste av dette er nok tonar publikum har høyrt før, men andresatsen i stykket Magnhild spelar er kanskje den mest kjente, seier Hedda Hansen Berg.

Også i løpet av Vårsøghelga blir det snakk om flytting av flygel. Etter Mozart-konserten fredag kveld, skal instrumentet vidare til Surna bedehus der det blir konsert med Anders Larsen (fiolin) og Trygve Brøske (klaver) søndag kveld som avslutning på årets Vårsøghelg.