Surnadal kommunestyre stemte over tre punkt i samband med behandlinga av kommunereformen torsdag.

Kommunestyret går einstemmig for ei kommunesamanslåing med Surnadal, Rindal og Halsa.

Om dei andre kommunane vedtek andre alternativ, vil Surnadal halde fram som eigen kommune. Dette vart vedteke mot fire stemmer. Desse to punkta var i høve til rådmannens tilråding.

Helge Røv (Ap) la fram forslag underskrive av alle partigruppene om å halde mulegheita open for ein kommune beståande av Surnadal og Halsa etter initiativ frå Halsa om ny intensjonsavtale mellom desse to kommunane. Dette punktet vart sjølvsagt einstemmig vedteke.