Da Sissel Lysø i Surnadal var på tur heim til Torvika måndag kveld såg ho eit dyr som hoppa over vegen.

Ho skjønte straks at det ikkje var rådyr, da det var berg dyret hoppa opp på. Ho fortel:

- Eg stoppa bilen og kika oppover skogen men såg ingenting. Skrudde så ned glaset og plystra - og da dukka dette flotte hauet opp! Ho sto berre fire meter unna meg og ho sto lenge og kika på meg, så eg fekk teke fleire bilde med mobilen. Men småskjelven som eg var så er kvaliteten så som så. Men du verden for ein opplevelse!

- Både eg og eldstemann som sat på i bilen tykte gaupa var liten av størrelse så vi undrast på om det var ei ung gaupe sidan ho var så lite sky, seier ho.

Sissel er i alle fall rimeleg sikker på at dette var ein "Once in a lifetime-oppleving".